Bompengar igjen!

Nå er saka den at rundt Stavanger og Bergen og delvis i Oslo går det […]

Nå er saka den at rundt Stavanger og Bergen og delvis i Oslo går det frå 80 – 95 prosent av bompengane til administrasjon. Dei private innkrevjingsselskapa fer med mesteparten av pengane og det blir lite til vegbygging.
I Oslo har dei sett opp taksten 4 – 5 gonger og nå må dei setja opp rundt Stavanger og Bergen.
Me betaler rundt 50 mrd i avgifter på bensin og køyrety. Berre ca. 12 mrd går til samferdsle og vegar.
Sentralbanksjefen klagar over at me har negativ inflasjon og at krona blir for sterk og difor må bruka meir pengar, og kanskje setje renta endå meir ned.
Då er det eit paradoks at me ikkje kan bruke litt meir pengar til veg, skule, eldreomsorg og sjukehus og få opp inflasjonen.
Landet er jo styrt av broilerøkonomar utan bakkekontakt.

Ole Stene