Bonde og glad for det?

Det er ikkje bra dersom arr. komiteen bommar så til dei grader som Sandvik beskriv. […]

Det er ikkje bra dersom arr. komiteen bommar så til dei grader som Sandvik beskriv. Men me hadde ikkje inntrykk av at så var tilfelle. Nærmare 300 personar deltok på møtet og me oppfatta det slik at det var svært så god stemning i salen. Ikkje for at det står så bra til i landbruket og at alt er fryd og gaman, men for at me og ein gong imellom lagar til møte der fokuset er retta mot det som er positivt.
Den unge bonden frå Bjoa formidla dette på ein svært så god måte. Til tross for dårlegare lønn og mindre fritid enn mange andre, hadde han valt å vera bonde og var glad for det. Han fann glede i det daglege arbeidet sitt som og var ein del av familielivet. Dette var i tråd med det som psykologen frå Sogn seinare på kvelden formidla. Ta tak i det positive slik at tankane ikkje heile tida sirklar rundt det negative. Då får me ein betre kvardag!
Elles er me einige i mykje av det som Sandvik tek opp. Og ver du sikker, me vil ikkje gløyma kampen om betre vilkår for bonden både sosialt og lønnsmessig fordi om me ein gong prøvde å formidla også det positive. Derfor er me glade for at lokalt bondelag i tillegg til samvirkeorganisasjonane gir oss økonomisk ryggdekning slik at me kan arrangera slike møte.
Så til slutt: Sandvik har sin ståstad i Småbrukarlaget og det kunne kanskje passa med eit sitat frå deira nyvalde formann der ho seier: «Det er altfor lett å køyre seg fast i pessimistiske tankar, og gje opp. Men ein kan ikkje gå baklengs inn i framtida. Ein må snu seg så ein ser vegen ein går på. Eg er ein positiv person som heller ser mogelegheiter enn hinder».