Ein kan ikkje preike solskin når det er gråvêr, og det er nødvendig å ha ei realistisk vurdering av situasjonen. Alle bønder er heller ikkje likt stilt. Frå utsida kan det sjå ut til at mangel på kampvilje på vegner av næringa, er ei minst like stor utfordring som mismot.
Landbruket er kanskje den mest politiserte næringa i Noreg, og politiske rammevilkår er svært viktige for at vi skal kunne ha eit landbruk over heile landet. Matproduksjonen vil ikkje kunne fungere etter målet om å ha heile landet i hevd dersom marknaden får bestemme. Landbruket må ha overføringar frå staten for at prisane ikkje skal bli for høge. Vi må ha toll og importvern for at norsk landbruk ikkje skal bli slått ut av billigare produksjon i andre land.
Det er lett å forstå at mange har gått leie av å føre ein politisk kamp for levebrødet sitt i tillegg til omstilling og skiftande krav. Men for Vestlandsjordbruket er det eit sjansespel å lukke auga for at svært mykje blir avgjort politisk i landbruket.
I år er det stortingsval, og leiaren i Noregs Bondelag, Bjarne Undheim, sa på stormøtet i Etne denne veka at næringa må setje landbruket på dagsorden før valet. Denne utfordringa bør bøndene ta. Det er tid for å finne tilbake litt meir kampvilje og knytte litt fleire nevar for eit landbruk dei fleste nordmenn vil ha. Næringa treng allierte, men det er grunnfjellet ute i bygdene som har størst tyngde.