Han er langt frå åleine. I Vikedal har det ikkje vore større optimisme i landbruket sidan 1980-talet. Her er fleire bønder i gang med ubyggingar. Den same investeringsviljen ser me i dag fleire andre stader i Vindafjord. Også i Etne kommune har mange bønder dei siste åra gått til investeringar i nybygg og moderne produksjonar.
Vårt lokale landbruk betyr noko. I Rogaland er berre kommunane Time og Hå større enn Vindafjord. Og kommunen er blant landets aller største i talet på husdyr. Etne er Hordaland fremste jordbrukskommune. Det er gledeleg å konstatera at finanskrisa ikkje har fått den lokale bondestanden inn i ein tung depresjon. Me er så heldige å ha sterkt levande bygder, der ein stor del av fundamentet er landbruk med ulike husdyrproduksjonar som basis. I dag er det auka volum og spesialdrift som tel for dei som skal overleva. Og i botn ligg det innlysande faktumet at behovet for mat, meir mat, alltid vil vera til stades. Slik sett har bondeyrket alle føresetnader til å bli eit statusyrke, og kanskje også eit gullkanta yrke, i framtida.
Finansieringa og kravet frå styresmaktene tvingar fram større og større einingar i jordbruket. I dag er det samarbeid og samdrift som er gjennomgangstonen. Investeringane for dei som vil vera med framover, er så store at det krev tru og optimisme for kunna å trø til. Skal mjølkebonden bygga frå grunnen av og modernisera seg til å bli med inn i framtida, må det investerast for over 6 millionar kroner. Dermed skal det også ein porsjon pågangsmot til. Då er det gledeleg å lesa om Trond Skogen som opplever si storsatsing som ei vitamininnsprøyting og at det er kjekt. Dette er signal som gler oss alle på landsbygda.
God ordning
Alle kan vera uheldige og gjera dumme ting i ung alder. Frivillig mekling gjennom konfliktrådet framstår som eit godt alternativ framfor å enda opp som sak hos politi og rettsvesen.