Men så kom Bondevik til styringa, og då fekk pipa ein annan lyd. Nå kan folk til og med fortelje at han har venner i Molde som tek imot han med opne armar når han kjem. Det skulle ikkje vere ein statsminister verdig. Han skulle arbeide, skulle han, drive same råkjøret med helsa som i byrjinga. Nå har han venner i Molde, det eine er verre enn hitt.
Er det ikkje verdig for statsministeren å gjere dette, så er det i alle høve ikkje verdig for Grannar å henge seg på denne karusellen. Og når den stoppar så er det berre å henge seg på att.
Det var å ynskje at Grannar – med den påverknad som media er – ville slutte med denne drypp, drypp mentaliteten.
Eg går ikkje i ordskifte, korkje eine eller hin vegen, til det følgjer eg for lite med. Eg fekk berre behov for ei utblåsing.
Ingebret Paulsen