24 små og store anlegg står i kø for å få tippemidlar, og dei 12 første på lista har ein prislapp på nesten 32 millionar kroner. I tillegg kjem ein del nærmiljøanlegg som er på beddinga med ein kalkyle på om lag to millionar.
Blir kø
Av dei største prosjekta er det idrettshall i Vikedal (12,5 millionar) og kunstgrasbane i Ølen (7,6 millionar) som er komne lengst. Store investeringar i idrettshall og idrettsanlegget i Skjold er førebels på uprioritert liste og må vente lenger. Skjold vil ha kunstgrasbane, flytte klubbhuset og utvide løpebanen. I tillegg arbeider idrettslaget for å få fleirbrukshall på Vikaneset inn på langtidsplanen for idrett og friluftsliv.
Felles for dei store prosjekta er at dei ønskjer Vindafjord kommune med på laget for å realisere planane. Det er kø for å få tak i kommunale kroner og tippemidlar. Haken er at kommunen så langt har hatt minimalt med pengar samanlikna med ønsket frå lag og foreiningar.
Grasrota vil
— Aktiviteten rundt om i idrettslag og skyttarlag er stor for tida. Det er positivt med initiativ frå grasrota i bygdene våre. Politikarane må lage ein heilskapleg og rettferdig plan. Så store investeringar kan ikkje skje tilfeldig, seier Eva Kalstveit, stabsrådgjevar for kultur i Vindafjord kommune.
Det store spørsmålet er også kor mykje kommunen kan bidra med i finansiering og drift. Det kan bli den største flaskehalsen.
— Signalet dei siste åra har vore at kommunen ikkje har råd til så mykje. Det er eit politisk spørsmål. Anlegg som får spelemidlar må drivast i 40 år, difor må driftssida vurderast nøye også, seier Kalstveit.