Utdanningsminister Øystein Djupedal svarer at det er regjeringa sitt mål, men han kan ikkje love kva tid dette gamle kravet frå ungdommen blir innfridd.
Det bør han så snart som mogleg klare å tidsfeste for å vere i takt med korleis utdanningskvardagen har utvikla seg her i landet.
Private vidaregåande skular kaprar stadig fleire elevar frå den offentlege skulen. Samstundes viser det seg at det kostar elevane nesten like mykje å gå på ein fylkeskommunal som ein privat friskule.
Tida er difor mogen for at det offentlege stiller opp med eit gratis tilbod også når det gjeld skulemateriell og bøker. Det er viktig dersom ein meiner at dei aller fleste vidaregåande skulane bør vere drivne av fellesskapet, og at dette tilbodet bør vere eit sjølvsagt førsteval for den klare majoriteten av elevane.
Det er mange gode formål å bruke pengar på i samfunnet, og mangel på ressursar i helse og omsorg er eit tilbakevendande tema. Men å satse på skule og utdanning er også viktig. I dag går så godt som alle i vidaregåande skule, og det er ein obligatorisk inngang til yrkesliv og vidare studiar.
Gratis obligatorisk skulegang er eit godt prinsipp i eit moderne velferdssamfunn der mest mogleg lik start for barn og unge er eit mål.
I praksis er det foreldra som betalar utgiftene til bøker og anna materiell i det som er blitt allmenn skulegang etter grunnskulen. Det er dei same utgiftene for alle, uavhengig av kva foreldra tener. Det blir difor størst bør for dei som har minst å rutte med.
Det er ein god grunn til å innføre fritt skulemateriell, i tillegg til at gratis vidaregåande skule for landets ungdom er eit godt prinsipp. Det viser kva samfunnet prioriterer.