I staden for å leggja ekstraskattar på dei som bur i sentrumsnære område, må kommunen tilretteleggja for nyetableringar i desse områda. Dette er utan tvil dei billigaste områda for kommunen å driva med tanke på infrastruktur. Det verkar derfor svært lite logisk at folk i desse områda skal betala ekstraskatt. Kommunen skal vera til for innbyggjarane og ikkje omvendt. Innbyggjarane skal ikkje først og fremst bli sett på som inntektspotensiale for kommunen..
Nå har representantane i det nye kommunestyret sjansen til å visa at me er valde inn av og for folket. Beløpet det er snakk om å ta inn i eigedomsskatt er småpengar i forhold til det me skal spara i administrasjon og effektivisering i Nye Vindafjord. (Det kostar å administrera denne skatten og). Dei kommunale skattane og avgiftene skal vera like for alle innbyggjarane i den nye kommunen vår, same kor dei måtte velja å bu.
Me i Vindafjord Høyre står klart ved vårt program, og me lovar å stemma imot eigedomsskatten i sentrum når dette kjem opp.
Tone Hatteland
Leiar Vindafjord Høyre