Bosset blir privatsak

Den viktigaste årsaka til at den såkalla våroppryddinga blir avvikla, er utvidinga av søppelriket i […]

Den viktigaste årsaka til at den såkalla våroppryddinga blir avvikla, er utvidinga av søppelriket i Haugaland Interkommunale Miljøverk. Dermed kjem også kravet om like tilbod, og i staden for å innføre denne ordninga i Haugesund, blir den avvikla i Etne og Vindafjord.
Sjølv om renovasjonsselskapet ikkje lenger vil bidra til at folk kan bli kvitt overflødig skrot på ein lettvint måte, så betyr ikkje det at ordninga var dårleg. Ein kan like gjerne hevde at det er ei god ordning som HIM ikkje lenger vil ta på seg.
Det er eit heller merkeleg argument frå HIM si side å hevde at strengare regelverk gjer det for kostbart for selskapet å ha denne ordninga. Skrotet og avfallet blir jo ikkje trylla vekk sjølv om HIM ikkje vil samle det inn.

For HIM handlar det om å spare pengar ved at den enkelte må frakte skrotet sitt sjølv. Men samfunnsøkonomisk treng det ikkje bli økonomiske gevinstar når kvar enkelt må køyre lange avstandar med skrotet.
Miljøstasjonane er eit problem på grunn av misbruk, og det gjenstår å sjå om nokre få bemanna stasjonar sikrar at ikkje boss kjem på avvegar. Men det er ganske sikkert at gjenvinning vil lide når folk må køyre lange avstandar for å bli kvitt glas og metall.