Meldinga førte til at både brannvesen, politi og ambulanse rykte ut til Vågen skule i Vindafjord.
— Kor omfattande denne brannen er, veit eg ikkje førebels, opplyser operasjonsleiar Johan Inge Særsten ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Grannar har hadde like før kl 16.00 ein reporter på staden som opplyser at det brenn i ein propantank på utsida av skulen.
Kunne fått alvorlege følgjer
— Om brannen hadde fått utvikla seg kunne det vore fare for eksplosjon, seier lensmann Niljann Hustoft på skadestaden. Dette kunne medført store skadar på sjølve skulebygget.
Ei glasrute var knust på veggen på same sida som brannen var. Niljann Hustoft seier laurdag ettermiddag at dei endå ikkje kan seie noko om dette har noko med brannen å gjere, men politiet vil ta ei rundspørjing i nabolaget for å høyre om folk kan ha sett noko som kan knytast til brannen.
Politiet har ikkje funne noko naturleg forklaring på korleis brannen oppstod og ber publikum om tips i saka.