Brann til grunnen

Politiet fekk meldinga om brannen kl. 06.21 i dag morgon. Einbustaden har vore ubebudd i […]

Politiet fekk meldinga om brannen kl. 06.21 i dag morgon. Einbustaden har vore ubebudd i fleire år, og ingen personar blei skada i brannen.

Då brannmannskap kom til staden like etter 06.30, va huset fullstendig overtent, og det var berre skalet som sto att, i følgje vitne.

Årsaka til brannen er framleis ukjent, og huseigar Roald Kristiansen seier han ikkje kan skjøna kva som har starta brannen.
— Eg var innom på laurdag kveld, og på kjøkkenet var det ingen apparat som var påskrudde. Men det har nok starta i noko elektrisk ein stad, seier Kristiansen.

Operasjonsleiar Torger Stødle ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt seier politiet vil ta ein nærare teknisk gjennomgang av bygningen i morgon.