Breiband på veg mellom Vikedal og Sandeid

Linjemontør Geir Rekvik og dagleg leiar Rune Aurebekk i Opp AS Kraftledningstjenester ser kabelrullen gå […]

Linjemontør Geir Rekvik og dagleg leiar Rune Aurebekk i Opp AS Kraftledningstjenester ser kabelrullen gå ut med 40 meter i minuttet.
— Å dra ut kabelen er den minste delen av jobben. Å leggje ut hjul på mastene og feste kabelen etterpå tar lenger tid, seier Aurebekk i selskapet som har base i Kristiansand.

Mangla Ølen-Vikedal
Dei gjer jobben for Agder Energi som fekk anbodet av Haugaland Kraft, men som likevel ikkje hadde tid til å ta det. Kabelen som blir lagt på høgspentlinja frå Vikedal skal ende opp i Eiodalen i Ølen. Eit strekk på 12,5 kilometer. Inne i eit tynt aluminiumsrøyr er det 48 fibrar med ein kapasitet milevis over det som er behovet i distriktet i dag.
Høgspenten til Haugaland Kraft er motorvegen som sidegreinene til bygdene skal gå ut frå. Dei mangla ein slik digital hovudveg mellom Ølen og Vikedal.

Enorm kapasitet
— Det går ikkje an å setje ei øvre grense på denne overføringskapasiteten i dag. Det kjem an på utstyret vi koplar til. Her er det ein god del å gå på med tanke på framtida, forklarer Jan Håland, som er ansvarleg for breibandutbygginga i Haugaland Kraft.
Fiberen er av glas og informasjonen går med lys. Har ein bruk for større kapasitet kan ein berre splitte opp lyset i fleire fargar.
Det blir litt astronomiske tal i forhold til det ein vanleg breibandbrukar opererer med. Det er snakk om ganske mange milliardar bits i sekunden.

Lengste strået
Haugaland Kraft skal tilby såkalla triple play med telefon, breiband og tv når det meir finmaska fibernettet går ut til bedrifter, heimar og kommunale bygningar.
Utbygginga skjer no for å gi nye Vindafjord kommune nytt breiband til alle kommunale bygningar. Haugaland Kraft drog det lengste strået i konkurranse med Telenor om å levere eit fibersamband. Avtalen går over sju år.
Haugaland Kraft skal levere fibertilknyting for 16 kommunale bygningar, og nye Vindafjord skal føre dette vidare til dei 20 øvrige kommunale bygningane. Knutepunktet blir serverparken i kommunehuset (Eiotunet) i Ølen.
Ei tilsvarande utbygging held fram i Etne etter den same modellen. Når det gjeld distribusjonsnettet ut til kundane skal Skånevik Ølen Kraftlag og Etne Elektrisitetslag inn i bildet.

Unge bustadfelt
Etter årsskiftet skal alle kommunale bygningar i nye Vindafjord ha fått breiband via fiberkabel. Då startar Haugaland Kraft med å kartleggje bedrifter og bustadfelt som kan vere aktuelle å selje breiband til.
— Det er naturleg å starte med bedrifter som ligg nær dei kommunale bygningane, og blinke ut bustadområde som er aktuelle. Både utbyggingskostnaden og interessa for produktet blir avgjerande, seier Jan Håland i Haugaland Kraft.
Sonderinga vil først og fremst skje i sentrale bustadfelt der det bur mange familiar med barn og unge i huset.
— Det er mindre enn eit år sidan vi bestemte oss for å gå inn på dette området, og ved utgangen av året reknar eg med at vi har rundt 1000 avtalar med private kundar i Tysvær, Haugesund og Karmøy, seier Jan Håland.