Breiband reddar medialinje

I eit brev til Etne Elektrisitetslag datert 11. oktober i år uttrykker Hordaland fylkeskommune bekymring […]

I eit brev til Etne Elektrisitetslag datert 11. oktober i år uttrykker Hordaland fylkeskommune bekymring for dei breibandmessige tilhøva ved Etne vidaregåande skule.
— (..)ser det som svært vanskeleg å halde fram med tilbod innafor Media og kommunikasjon, då dei tekniske tilhøva i Etne kommune ikkje er tilrettelagt for installasjon av breiband fram til undervisningslokala, skriv fylkeskommunen i brevet.
Fylkeskommunen peikar på at for elevane ved media- og kommunikasjon er det ein føresetnad med god kommunikasjon via breiband på 100 MBit`s.
— Vi vil gjerne halde fram med dei undervisningstilboda Etne vidaregåande skule har i dag, men ser at dette vert vanskeleggjort ved den lokale haldninga, til framføring av heilt naudsynt breiband til skulen, står det i brevet.
— Me vil ha breibandet på plass så fort som mogleg, og iallfall til neste skuleår, seier Kurt Raknes, rådgjevar ved opplæringsavdelinga i Hordaland Fylkeskommune, til Grannar.
Etter at brevet blei sendt, har fylkeskommunen vore i dialog med Etne Elektrisitetslag.
— Me har ikkje fått eit formelt svar frå E-laget, men forstår at ei løysing er på gang, seier Raknes.
Fylkeskommunen skal snart ut med ny struktur med tanke på neste år og innføringa av Kunnskapsløftet. Fylkeskommunen treng difor eit svar så snart som mogleg.
Graving i gang
Etne Elektrisitetslag er i forhandlingar med Haugaland Kraft, som har anbodet på breibandsutbygging i Etne og nye Vindafjord. Avtalen går ut på at alle kommunale lokasjonar skal få fiberoptisk breiband i løpet av 2006. Bjarne Sævereid, leiar ved Etne Elektrisitetslag, ynskjer ikkje å seia så mykje før avtalen med Haugaland Kraft formelt er på bordet.
— Avtalen vil gå ut på at me kjem til å eiga fiberet, medan Haugaland Kraft leiger hos oss, seier Sævereid.
I dag skal styret i E-laget ta stilling til avtalen.
— Me nærmar oss ei avgjerd. Viss E-laget ikkje får nødvendig mynde frå styret sitt, skal me ta ansvar for utbygginga. Dette har me forplikta oss til, seier Jan Håland, breibandsansvarleg i Haugaland Kraft.
Gjennom BKK breiband er Haugaland Kraft også underleverandør av breiband til Etne vidaregåande skule.
— Utan at Etne kommune hadde førespurt om utbygging til dei kommunale lokasjonane, hadde det heller ikkje blitt bygd ut til Etne vidaregåande, seier Håland.
I førre veke byrja Etne E-lag gravearbeid i Litledalen for å klargjera for å få fiberen fram.
— Etne E-lag har byrja å gjera jobben, men viss dei ikkje får nødvendig mynde frå styret, går me inn og blir eigarar av det, seier Håland.
— Fylkeskommunen seier Etne vidaregåande iallfall må få breiband til neste haust. Klarer de det?
— Det skal me ordna. Me veit det hastar, seier Håland.
Treig linje
I dag er Etne vidaregåande skule og Osterøy vidaregåande skule dei einaste vidaregåande skulane i Hordaland som ikkje har 100 MBit´s.
ISDN-tilkoplinga, som Etne vidaregåande nyttar seg av, held ikkje mål. Ivar Fredriksen, rektor ved Etne vidaregåande skule, er svært glad for at breiband nå er på veg.
— Slik situasjonen er i dag i sentrum, kan ikkje tolv elevar vera på internett samtidig. Ein ting er at me har linjer som media- og kommunikasjon som treng breiband, men i dag skal alle elevar ha tilgang til internett, seier Fredriksen medan han sjølv prøver nettet.
— Du ser kor seint det går og nå er berre ein maskin på, seier rektoren.