Breibandsavtale i hamn

Torsdag skreiv Etne Elektrisitetslag og Haugaland Kraft under avtalen som inneber at El-laget utfører det […]

Torsdag skreiv Etne Elektrisitetslag og Haugaland Kraft under avtalen som inneber at El-laget utfører det praktiske arbeidet i å bygga fiberoptisk breibandsnett i Etne.
— Gjennom avtalen får innbyggjarane internett, telefoni og digital TV på fiberkabel heilt inn i huset til ein kjempehastighet, seier Jan Håland, breibandsansvarleg i Haugaland Kraft.
Ei ISDN-linje har vanlegvis ein hastighet på 0,064 MB pr sekund. Grunntilbodet med breiband frå Haugaland Kraft gir ein hastighet på 6 MB pr sekund.
Bakgrunnen for utbygginga er kommunen sitt behov for breiband og i sommar vann Haugaland Kraft anbodet. I løpet av året kjem alle kommunale lokasjonar og skular i Etne til å få breiband.
— I tillegg bygger me ut i dei nærmaste byggefelta og der det bur mest folk, slik som på Kambe, Silde og Sæbø. Dei vil få breiband i løpet av hausten. Verksemder med behov for breiband og som ligg i nærleiken av linjene våre vil også bli prioriterte, seier Bjarne Sævereid, elverkssjef i Etne El-lag.
Håland og Sævereid seier utbygginga er kostbar. Difor kan det bli lenge til område med spreidd bygnad, til dømes Litledalen og Åkrafjorden, får breiband.
— Det er ei ganske dyr og komplisert utbygging. Me bygger heilt ny infrastruktur. Difor må me prioritera stader med ein viss tettleik av folk, seier Håland.
Dersom planane om byggefelt på Øvre Fitje blir realisert, vil desse få breiband.