Breie smil i nyebanken

Ved å etableringa seg i Ølen, tilpassar banken seg Ølen si rolle som sentrum for […]

Ved å etableringa seg i Ølen, tilpassar banken seg Ølen si rolle som sentrum for nye Vindafjord. Fleire av Haugesund Sparebank sine kundar ved dei andre avdelingskontora, har arbeid og andre ærend i Ølen. Nokre av dei har flytt til Ølen, samstundes som dei bruker banken i heimbygda. Med den nye avdelinga, ønskjer banken å behalda desse kundane og betre servicen overfor dei.
Fekk 25 kroner i 1978
Første kunden som var innom den nye banken var Siv Bente Stople Østbø med sonen Sølve Olaus og to andre born.
— Eg fekk ei bankbok med 25 kroner frå Sandeid Sparebank då eg konfirmerte meg, fortel Sandeid-kvinna som nå bur i Ølen.
Tilknytinga til bygdebanken har ho halde fast ved sidan. Difor passar det godt for henne at banken hennar nå også opnar avdeling i Ølen.
Østbø er i godt selskap. Grunnlaget vart skapt ved at Haugesund Sparebank fusjonerte med Imsland Sparebank, Skjold Sparebank og Sandeid Sparebank. For eit par år sidan overtok dei dessutan Fokus Bank sitt avdelingskontor i Vikedal. Dermed er banken tungt inne i fire av dei fem bygdene i gamle Vindafjord.
Kundar i Ølen
— Me har 250 aktive kundar med adresse i Ølen. Det er godt, så har me noko å byrja med, seier banksjef Lars Olav Larsen.
Han er banksjef for avdelingskontora i Sandeid og Ølen, og har eit administrativt ansvar for heile distriktet. Karsten Sørli er banksjef i Skjold, og Jan Børretzen er banksjef i Vikedal og Imsland.
At Haugesund Sparebank også evnar å trekkja til seg nye kundar, er Johannes Heggen eit godt døme på. Eit kvarter etter den offisielle opninga av Ølen-kontor, kom 95-åringen frå Ølen inn døra. Han ville gjerne opna ein konto. Dermed hadde nyebanken skaffa seg sin aller første nye kunde, og kvardagen var i gang.
Ideell plassering
Berre for eit par veker mangla sidan både vegger og golv i det tidlegare post- og apoteklokalet ved nedkøyringa til kjøpesenteret i sentrum. Den siste veka før opningsdagen vart det lange arbeidsdagar for malarar og andre handverkarar. Med god hjelp frå utleigar Terje Henriksen, greidde dei å koma i mål til opningsdagen.
Administrerande banksjef for heile Haugesund Sparebank, Knut Grinde Jacobsen, er veldig tilfreds med det sentrale og lett tilgjengelege lokalet banken har sikra seg i Ølen.