Bruk refleks!

Når berre to av ti brukar refleks er det tydeleg at mange fotgjengarar som også […]

Når berre to av ti brukar refleks er det tydeleg at mange fotgjengarar som også køyrer bil sjølve, ikkje brukar dette enkle hjelpemiddelet som reddar liv. Rett refleksbruk gjer deg synleg på lang avstand. Dermed kan ein på denne enkle måten unngå mange farlege trafikksituasjonar.

Fordelane med refleks er mange. Bakdelane ingen. Framleis er det verksemder som deler ut gratis refleksbrikkar eller band. Kostnaden ved å bruka refleks er altså svært liten, men det må ei haldningsendring til for å bli betre.

At mange unge ikkje brukar refleks har fleire årsaker. Ei av dei er for dårleg opplæring. Her må foreldre ta meir ansvar. Ein kan ikkje forventa at ungar brukar refleks dersom foreldra sjølv ikkje gjer det. Ei anna forklaring er truleg at mange synest det ser dumt ut. Dette går det an å gjera noko med. I dag vert det laga refleks i alle typar utforming. Sjansen for å finna ein som er stilig nok bør absolutt vera mogeleg. I tillegg er det alt i dag mange ytterjakkar som har refleks påsydd.

Bruk av refleks handlar om tryggleik både for fotgjengar og bilførar. Det er først og fremst fotgjengaren sitt ansvar å bruka refleks, men bilførarane har plikt til å vera merksame når dei er ute å køyrer. Når berre to av ti brukar refleks, er sjansen stor for at nokon av dei går langs vegen du ferdast.