Budsjett og eigedomsskatt i Vindafjord

Årsaka var at Høyre og FrP ikkje hadde spesifisert kva dei ville skjera ned på. […]

Årsaka var at Høyre og FrP ikkje hadde spesifisert kva dei ville skjera ned på. Det som diverre ikkje kom fram i reportasjen var at Gunnar Ulland (H) stilte eit motspørsmål, nemleg kva Kleiven og dei andre budsjettkameratene ville skjera ned når dei ville spare 2%. Svaret me då fekk var at det var eit såkalla «godt spørsmål». Så Bergsvåg, Kleiven og Håvås m.fl. hadde heller ikkje sjølve klart for seg kva dei spesifikt skulle spare.
For FrP og Høyre var det viktig at me gav eit signal med ein gong om at eit kommunebudsjett skal vera i balanse. Arbeidet med å få budsjettet i balanse kan me like godt gjera med ein gong medan kommuneorganisasjonen alt er under omorganisering. Å skjera ned med 2 % årleg over fleire år, slik fleirtalet vil gjera meiner me er langpining. Det vil på sikt føre til langt meir frustrasjon enn om ein tek alt i ein jafs og vert ferdig med det.
Når det gjeld eigedomsskatt så er Høyre og FrP dei einaste partia som er imot slik ekstra skattlegging. Me tykjer ein slik skatt vil vera svært urettferdig. Nå har alt den nye regjeringa lagt på skattetaksten på fast eigedom med 25% slik at eigedom vert meir skatta enn før. Så skal kommunen inn og skattleggja eigedom endå meir.
Eigedomsskatt er ikkje noko trekkplaster for ungdomar som vil slå seg ned i Vindafjord. Etter å ha tatt opp lån og bygd huset sitt, så skal dei på toppen betale eigedomsskatt til kommunen for å ha bygd sitt eige hus. Me må ikkje gjera det dyrt å bu i Vindafjord for ungdomar som ynskjer å flytte hit.
For kommunen er det langt meir å spare på til dømes ei lita innskjering i lønnskostnadene, som utgjer om lag 80% av kommunebudsjettet.
Slik forslaget frå SP, AP og bygdelistene ligg føre, så er eigedomsskatten svært urettferdig for dei som i dag bur i Ølen sentrum. Dei må i dag betale eigedomsskatt til kommunen, mens alle andre inntil vidare slepp unna.

Dagfinn Torstveit,
Vindafjord Høyre