Budsjettløfte for kunnskapsløftet i Nye Vindafjord

Få vil kalla det eit løft, men i budsjettet ser det i det minste ut […]

Få vil kalla det eit løft, men i budsjettet ser det i det minste ut til å ligga eit løfte – om 2% nedskjering i 2006. Og i 2007. Og løftet stoppar ikkje med det. Også i 2008 og 2009 skal der løftast tilsvarande summar ut av skulebudsjetta. Til saman mange lærarstillingar. Kanskje så mange som om lag femten.
Jo, det er fristande å bli ironisk av mykje mindre enn dette.
Var det forresten nokon som høyrde den nye regjeringa sine lovnader og prioriteringar omkring ekstramidlene til kommunane? Fleire hender i omsorg og fleire lærarstillingar i skulen? Me må innrømme at det er ei stund sidan me opplevde større paradoks.
Om me her lokalt ikkje akkurat følte oss bombesikre på ein stor auke som følge av regjeringa sine nasjonale prioriteringar, såg me i alle fall for oss å behalda ressursane når me står ovanfor nasjonal satsing og ein pålagd statleg omstillingsfase (nye læreplanar – igjen). Eit sentralt spørsmål som derfor melder seg er kor mykje skuleverket kan og bør ta i den konkrete situasjonen me står i no. Er 2% årleg det rette talet for alle sektorar? Rådmannen sitt budsjettframlegg kan godt vera eit bra framlegg til korleis bringa ein økonomi i balanse. Om det er eit framlegg som balanserer krav til opplæring, kvalitet og omstilling i skuleverket er ein heilt annan diskusjon. Ei anna verd, så og seie. Ein kan vanskeleg sjå for seg at det går i hop.
Budsjettframlegget, gitt at det vert vedteke i noverande form, må i det heile karakteriserast som så oppsiktsvekkande og alvorleg at det er nøydd til å bringa fram alvorleg dilemmatenking kring ei rekke, dels kontroversielle prioriteringsspørsmål, som t.d:
• Har me råd til opptrapping i symjeundervisninga og vidareføring av det litle som er av ekskursjonar og leirskule i forhold til det stadig aukande kravet om tilpassa undervisning?
• Har me dei rette målformuleringane for skuleverket i den nye kommunen sett i lys av ei sannsynleg nedbemanning, kanskje både i lærar og assistentstillingar og i pedagogisk utviklingsarbeid på kommunenivå?
• Kjem ein i det heile utanom endå ein opprivande skulestrukturdebatt? Lokalsamfunn og politikarar har førebels sagt sitt om skulestruktur. Også Utdanningsforbundet i Vindafjord meiner at den skulestrukturen me har, er naturleg og god ut frå busetjing og visjonar for den nye kommunen. Samstundes skal ein ha visjonar om fagleg forsvarlege ressursar , samt forsvarleg arbeidsmiljø for elevar og tilsette på kvar einskild skule.
• Kva er fagleg forsvarlege ressursar målt opp mot fagplanen sine kompetansemål for dei einskilde faga? Har ein t.d. råd til å laga mat når ein har heimkunnskap? Større grupper i praktiske fag? Endå mindre klassedeling og tilpassa undervisning i teoretiske fag?
• Er det i budsjettet teke høgde for dei millionkostnadene ein veit vil gå til nye lærebøker etter ny læreplan? Budsjettframlegget viser ikkje dette.
• Kva tenkjer ein t.d. om IKT-satsing i skulen, i tråd med samfunnsutviklinga og kraftig vektlegging i ny læreplan?
• Kjem ein utanom å bruka kraftinntekter i drifta dei næraste åra?
Utfordringane står i kø, meir enn nokon gong ser det ut som. Me vil me dette signalisera at 2% årleg nedskjering meir framstår som ei teoretisk rekneøving enn ein praktisk gjennomførbar politikk. Akkurat så dramatisk er budsjettframlegget.
Dette må nokon av einkvar ta inn over seg. Inntil vidare får ein ty til galgenhumor og håpa at nokon har rekna feil.

For Utdanningsforbundet Vindafjord Berit Mortveit Listog, Thorleif M. Svanæs Lokallagsleiar Hovudtillitsvald avdeling