Bur våre pleie- og omsorgstrengjande trygt nok?

Dei som var på arbeid den natta har informert om det som skjedde i Haugesunds […]

Dei som var på arbeid den natta har informert om det som skjedde i Haugesunds Avis. Alle som har lese den informasjonen har fått innsyn i hendinga. Etter slike hendingar sit ein att med fleire spørsmål, og det vert maktpåliggande for meg, som arbeider med førebygging av brann til dagleg, å stille nokre få spørsmål til våre lokalpolitikarar.
Direktoratet for Samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) har sett igong gransking av Sveiobrannen for å få fram konsekvensane av brannen. Politiet har jobba parallelt for å finne brannårsaka, og meiner no at brannen starta i kjøleskap i eit lintøyrom.
Avdelingsleiar Kari Jensen i DSB seier følgjande: «Vi ønsker svar på hvordan brannen har utviklet seg og hvorfor den fikk slikt omfang. Vi vil blant annet se nærmere på om de bygningstekniske løsningene har vært i samsvar med regelverket, om det forebyggende regelverket kan ha svakheter som bør rettes opp og hvordan brannvernet har vært organisert. Andelen eldre brannomkomne har økt betydelig de siste årene. Dette forteller klart at det er nødvendig med fortsatt høyt fokus på beredskap og brannforebyggende tiltak rettet mot personer i denne aldersgruppen – enten de bor i sykehjem, tilrettelagt bolig eller egen bolig. Ved en brann trenger mange hjelp til å komme seg i sikkerhet. Det kan stå om minutter».
Under aksjonen på senteret denne natta, var det fem vakne personar på vakt. Normalt skulle det vere tre på senteret og ein i utetenesta. Tilfeldigheita ville det slik denne gongen at utevakta var inne på senteret, og at det nett denne natta var ei ekstra vakt grunna særlege høve rundt ein pasient. Altså fem på vakt, og resultatet kjenner vi.
Så til politikarane våre: I både Etne og Vindafjord har vi slike anlegg. Ikkje likt konstruert, men dei fungerer om lag på same måten. Sjukeheimar med dårlege pasientar og omsorgsbustader der bebuarane i større og større grad vert avhengig av hjelp til det meste.
Brann rammar alle, uavhengig av sosial status og økonomisk plattform. Tilsette på våre omsorgsanlegg gjer ein framifrå innsats innan førebyggande brannvern.
Vi kjenner ein del grep for å unngå branntilløp. Likevel veit vi at brann oppstår, anten av teknisk- eller menneskeleg svikt, og då er det spørsmål om vi er i stand til å ta hand om situasjonen.
Ein har laga gode beredskapsplanar på alle slike stader, dei tilsette har ofte øvingar og gjennomgang av ymse scenario og det er som regel mange tilsette på dagtid. På kveld og særleg på natt er det lite folk på vakt. Dette gjeld i begge kommunane. Det er gjerne berre to personar på vakt på sjukeheimen.
La oss tenkje på Sveio att. Hadde dei der berre vore to på vakt. Korleis kunne det då gått? Svaret gjev seg mest sjølv. Kan vi kjenne oss trygge i våre institusjonar eller er vi i tvil.
Vi har kanskje ikkje råd til å ha eit høgre tryggleiksnivå for dei som ikkje klarar seg sjølve lenger.
Ei slik minimumsbemanning er vanlegvis vedteken av lokalpolitikarane, og dimensjonert ut frå kommuneøkonomi. No er det likevel slik at «Forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn» stiller krav om at det skal utarbeidast risikoanalyse for å fastsette eit minimumstal på tilsette, særleg om natta. Det skal liggje føre risikoanalyse for desse brannobjekta.
Sveiobrannen, og fleire liknande brannar før, har eigentleg gjeve oss eit svar. Eit svar på korleis det kan gå under ein brann i våre kommunar. Du skjønar sikkert korleis dette svaret ser ut. Samsvarer dette med våre ynskjer? Det kan nemleg også ramme oss.

Jørgen Hopland
Avd.leiar brannføre-byggande i Vindafjord og Etne kommunar