Bussterminalen i Ølen ennå ein gong

Og dermed står dei reisande ute og hutrar og frys medan dei ventar på bussen. […]

Og dermed står dei reisande ute og hutrar og frys medan dei ventar på bussen.
Mange har nok i sitt stille sinn venta eit slikt resultat av dei mange som har forsøkt seg med skrivekunstene sine. Og det som verre er: Rasering av toaletta. Vandalane sine lyster i så måte er godt kjent frå tidlegare «idrettar». Og mange har spurt seg kva som rører seg i hovudet på dei som dyrkar slike lyster. Er det for mange og for liberale alkohol-skjenkeløyve, eller er det ein sjukleg trong som må få si utløysing i form av rasering av alt som er nyttig, fint og triveleg for folket?
Det er grunn til å minna om at kommunen ein gong for fleire år sidan sette opp eit toalett berre nokre meter frå denne omtalte. Lenge sleit kommunen med å halda ein viss orden, men måtte gje opp. Og folk sytte med å stikka nasen sin innanfor dørene i toalettet. Til slutt vart det rive og sletta med jorda. Ein slags lettelse det med. Så oppstod det snart eit prekært behov att for eit nytt forargelsens hus. Dette vart då avhjelpt på ein brukbar måte. Likeins er det grunn til å minna om då ferjestøet på Utbjoa vart opna for mange år sidan. Det vart diverre ikkje bygd toalett med det same, og ikkje lenge etter hadde Haugesunds Avis førstesideoppslag om «svinesti» på Utbjoa. Det vart til alle lukke ordna etter ei tid, då det manglande vatnet vart ført fram til dei primitive toalettanlegga. På området på toppen av turistmagneten Vøringsfossen har manglande off. toalett ført til at folk «går i jungelen» i nødvendig ærend. Dette har ført til at stakkarane av trengande blir utsett for reine «papparazzi-fotografering» med så og seia «buksa nede».
Kva kan ein så møte denne vandalismen med som gjer det så utriveleg og som sjølvsagt kostar store pengar i vedlikehald for det offentlege. Kan ein driva med teknisk overvåking? Eller kan ein få ei fast ordning med politivakt? Hjelper folkeleg opplysing?
Ein kan gløyma slike ordningar. Bunkers i betong og stål? Kanskje. Men det ser ut til at dette med vandalisme på slike anlegg er eit av dei vanskelegaste problema i verda å få ein orden på. Det er nesten å samanlikna med terrorisme som ikkje eingong den mektigaste krigsmaskina i verda greier å få ein slutt på. Samfunnet må truleg leva vidare med denne tilstanden. Og det er stor synd og skam.

Endre Heggen