Butikkdeig friskmeld, men varslar erstatningskrav

Nye prøvar viser at det framleis er mistanke om salmonella i det polske kjøttet som […]

Nye prøvar viser at det framleis er mistanke om salmonella i det polske kjøttet som er brukt i kjøtdeig hos Fatland Ølen. Men denne kjøttdeiga står på fryselageret hos Fatland. Partia basert på norsk kjøtt er friskmeldt, og all kjøttdeiga som vart rydda frå butikkhyllene var dermed fri for salmonella.
Fatland fekk inn 20 tonn av polsk råvare til kjøttdeig som framleis er mistenkt for salmonella. Det er Folkehelsa som no gir det endelege svaret i løpet av eit par dagar om det er salmonella. Men M-lab i Ølen har utført to prøvar som gav positivt utslag.
Varslar erstatningkrav
— Leverandøren av det polske kjøttet kan risikera erstatningskrav, seier Svein Fatland ved Fatland Ølen.
Leverandøren er Skandia Foods i Larvik og har levert kjøtt i mange år til Fatland.
— Det er leverandøren sitt ansvar at kjøttet fyller krava som er i tråd med det norske regelverket. Idet kjøttet er på den norske marknaden, skal det tilfredsstilla norske krav, seier Jarl Inge Alne, seksjonssjef i Mattilsynet, Distriktskontoret for Haugalandet.
— Me har fått dokumentasjon på alle parti som viser at kjøttet er salmonellafritt frå Polen, seier Leiv Malvin Knutsen, konsernsjef ved Fatland Ølen.
Han ser det som svært usannsynleg at salmonellaen kan ha oppstått ved eit seinare tidspunkt.
Etter ein intern rutinekontroll onsdag ettermiddag blei det slått full alarm og prøven blei sendt vidare til Folkehelsa sitt referanselaboratorium, M-lab i Ølen.
70 tonn kjøttdeig blei trekt tilbake frå 2.000 butikkar over heile landet. Tilbaketrekkinga gjeld Skjeggerød, Slakteren, Coop kjøttdeig og Spar familiekjøttdeig. Kjøttdeigen skal vera produsert i tidsrommet 18.-26. oktober.
Startar opp igjen
Etter at alarmen gjekk onsdag, blei kjøttdeigavdelinga ved Fatland Ølen stengt og natt til torsdag blei avdelinga vaska ned og desinfisert. Og i dag startar produksjonen av kjøttdeig opp igjen . Ved dei andre avdelingane har derimot produksjonen gått for fullt.
— Opp gjennom åra har me testa ein del importert kjøtt og det var ikkje sjeldan at me fann salmonella i det importerte kjøttet. Det er ein heilt annan førekomst av salmonella ute i Europa enn i Noreg, seier Alne.
I følgje Alne kan ikkje Mattilsynet gjera noko i forhold til eit eventuelt erstatningskrav mot leverandøren.
— Det blir ei sak mellom kjøpar og seljar, seier Alne.
Han fortel at det eventuelt blir opp til Mattilsynet, som høyrer inn under leverandøren sitt distrikt, om å gripa fatt i saka i forhold til leverandøren.
— Ein pris å betala
— Så lenge folk berre spør etter billegare varer, er dette prisen ein må betala. Me ynskjer å berre produsera norske varer, men når forbrukarane spør etter utanlandske varer, blir det eit anna smittepress, seier Svein Fatland.
Han poengterer at Fatland ikkje blandar norsk og utanlandsk kjøtt, og at det utanlandske kjøttet er merka ute i butikken for forbrukarane. Det polske kjøttet med salmonella-mistanke er ikkje kome ut på marknaden.
— Det ligg hos oss. Det polske kjøttet frys me, og kjører det ikkje ut ferskt, seier Fatland.
— Kva betyr denne hendinga økonomisk for Fatland?
— Det veit me ikkje. Me har gjort alt som står i prosedyren. Me har trekt tilbake varene og det er den måten me kan opptre på, seier Fatland.
Fatland Ølen har omlag 160 tilsette i tillegg til 100 sesongarbeidarar.
Omdømme på spel
— Fryktar du for ryktet til bedrifta?
— Dette kan skje for alle. Me har oppdaga dette gjennom eigne rutinar og har følgt dei. Eg føler me har fått god tilbakemelding på måten me har handtert dette på. Så lenge me opptrer seriøst og gjer det me skal, fryktar eg ikkje for ryktet, seier Fatland.
Konsernsjef Leiv Malvin Knutsen meiner kontrollrutinane ved Fatland er gode nok, men vil likevel evaluera dei.
— Me må ta ei evaluering av det som har skjedd og vurdera om me skal setja i gong eventuelle tiltak, til dømes kor hyppige prøvar me har, talet på prøvar, vurdera om me skal skilja mellom norsk og utanlandsk kjøtt når me gjennomfører prøvar, og skjerpa krava me set til importøren.
Det har ikkje lukkast Grannar å få kommentar frå Skandia Foods.