Bygdapreik

om du verkelig skal ta for deg bygdapreik, kan du samanlikna det med ei rå […]

om du verkelig skal ta for deg bygdapreik,
kan du samanlikna det med ei rå steik,
som du tenkjer – deg skal eg meska meg med,
så hive du den på grillen te spott og spe,
og kjøre på med fyr og tennveska,
her skal det bli varmt nå skal me festa,

men så kjenne du lukt i frå nabohagen,
han skal visst og ha litt grillmat i magen,
så du hoppar over gjerde for å forveta deg litt,
og blir der for steika hans var saftig gitt,
når du finn det for godt å tusla him,
ja for nå var naboen tom for bensin,

så oppdaga du steika du holdt på med sjølv,
den er svart og brent – kan`kje eta sånt møl,
me kastar nok ting på grillen for fort,
du snur deg eit øyeblikk og så er det gjort,
ut av kontroll som ild i tørt gras,
ufattelig møkje pisspreik og mas,

det er for seint å komma etterpå å sei,
eg blei litt reve med – for det er eg lei,
kva med å feia for si eiga dør,
så slepp du dårlig grillmat og fjør.


Annelise Grindheim