Bygdebyen som forvitra

Langs hovudgata i Imslandssjøen ligg husa tett i tett. Det er nesten slik som då […]

Langs hovudgata i Imslandssjøen ligg husa tett i tett. Det er nesten slik som då det var handel og verksemd i heile gata, for førti-femti år sidan.
Vasskrafta frå Imslandselva la grunnlaget for næringsverksemda ved sjøen nedanfor Imslandsgarden. Det første sagbruket med oppgangssag nede ved Imslandssjøen kom på 1500-talet. Seinare var det fleire sagbruk, på begge sider av elveosen. Fjetland Sag var den siste. Dei flytte opp til Ølmedal i 1980, fordi den gamle riksvegen var i så dårleg stand at det ikkje gjekk an å koma ned dit med trailer.

Utvida kyrkje
Kva tid den første stavkyrkja kom ved Imslandssjøen, er det ingen som veit. Det kan ha vore i høgmiddelalderen. Dagens kyrkje er den tredje ein kjenner til. Ho blei bygd i 1861. Dette var i dei gode åra med mykje arbeid på skipsverva. Sognebestyrelsen fekk i siste liten gjennomslag for at galleriet måtte utvidast kraftig, for å gje plass til den store folkeveksten ein rekna med skulle koma.

Vervarstove
I dei goda åra på frå 1860-talet og fram mot førre hundreårsskifte, var det stor aktivitet ved Imslandssjøen. To skipsvervar hadde tjue til tretti mann i arbeid på det meste. I folketeljinga i 1865 var det registrert 45 fastbuande ved Imslandssjøen. I tillegg var det mange arbeidspendlarar, som fekk fritida til å gå i vervarstova borte mot elva. Denne vervarstova blei skylt på fjorden i den store flaumen i 1898, men då var det jamt slutt med skipsbyggingsverksemda.
På 1700-talet og langt ut på 1800-talet var det gjestgjevar i den blømande tettstaden. Straks dampskipa kom i fart på fjordane, var Stavangerske raske med å etablera ruter til Imslandssjøen, og vidare inn til Kvaløy, Finnvik og Skipavik. Dette revolusjonerte samferdslemønsteret, sjølv om det langt inn på 1900-talet var vanleg at imslandsbuen rodde til Stavanger når det var eitkvart dei hadde ærend til byen.

To bakeri
To daglegvarebutikkar konkurrerte om kundane fram til midten av 1900-talet. Dei hadde kvart sitt bakeri, sjølv om det var mykje dei same bakarane som arbeidde for begge handelsmennene.
Syvert Døske og kona Anna dreiv handel i eit par mannsaldrar, i det kvite huset som står nærast dampskipskaien. Dei fekk varene med båt frå grossistar i Stavanger. Då rutebåten kutta ut Imslandssjøen som stoppestad, var det naturleg at den siste forretninga ved Imslandssjøen stengde. Det var rundt 1970, og Syvert Døske hadde pensjonsalderen inne, og vel så det.
Den andre daglegvarebutikken låg nærare kyrkja. Dei slutta av tjue år tidlegare, men også dette huset står der framleis.

Saftfabrikk
Ein av dei meir spesielle næringsvegane, var saftfabrikken som hadde utgangspunkt i Halvor Halvorsen si krambu. Saftproduksjon i stor skala blei starta opp rundt 1914, og dei må ha halde det gåande til midten av tjuetalet.
I 1917 blei Imsland Sparebank skipa. Etter å ha vore mellom anna i kommunehuset i ei tid, kjøpte banken Ingeborg-huset, som opphaveleg hadde vore folgehus på Imslandsgarden. Dette flotte huset ligg i den skarpe høgresvingen når ein kjem landevegen til Imslandssjøen. Huset er kvitmåla med grøne lister.

Post og telegraf
31. august 1905 var ein merkedag i bygda. Då kom telefonen til Imsland, ein dag før Sandeid fekk telefon. Gemelia Døske styrte med telegrafstasjonen ved Imslandssjøen i fleire tiår.
Postopneriet i Imslandssjøen var kome 1. mai 1870. I Imsland var det tre postopneri og fem brevhus. 4212 Imsland var berre eitt av dei åtte postnummera som blei tekne i bruk i bygda nesten hundre år seinare.
Då Imsland blei eigen kommune, kom det behov for møterom, kommunekasse, trygdekasse, forsyningsnemnd og mykje anna. Eit gamalt skulehus frå Nybru blei flytt til Imslandssjøen, og plassert mellom bedehuset og kyrkja.

Samferdslemønster
Imslandssjøen hadde vakse fram som eit viktig samferdslesenter. Først kom dampskipsfarten og motorbåtfarten, med faste ruter til Stavanger. Dette var rundt 1860. Rett over hundreårsskiftet fekk Imsland og Ølmedal vegsamband vestover, over Rødsmyra til Hogganvik og Vikedal. Rundt første verdskrigen var det hektisk byggjeaktivitet, og det kom etter kvart riksvegsamband austover til Ropeid og Sauda.

Nedgangstid
Fram til rundt 1960 hadde Imslandssjøen alt ein kan forbinda med eit moderne bygdesentrum. Så følgde ei brutal nedgangstid.
I 1965 blei Imsland kommune delt mellom Vindafjord og Suldal. To år seinare blei gardane på sørsida av fjorden overførte til Jelsa prestegjeld.
Det voks fram eit behov for at «Fjorddrott» skulle frakta bilar, og tilhøva låg ikkje til rette for dette ved Imslandskaien. Dermed kutta Stavangerske Imslandssjøen frå rutekartet. Om lag samstundes kom det ny, tofelts riksveg gjennom bygda. Nyevegen gjekk rett frå Ølmedal over Ødegård til Kvaløykrossen, og plasserte Imslandsgarden og Imslandssjøen fleire kilometer utanfor allfarveg. Og i 1968 flytte Imsland Sparebank opp til Ølmedal.
1. mai 1970, nøyaktig hundre år etter opningsdagen, la postopneriet ned. Telefonen blei automatisert.
I 1980 følgde altså Fjetland Sag etter opp til Ølmedal, fordi gamle riksveg 46 var i så dårleg stand at trailerane ikkje kom fram.
Smoltanlegget og seinare kveiteoppdrettsanlegget, som kom på den gamle sagbruksanlegget, er det einaste lyspunktet når det gjeld næringsverksemd. Både imslandsbuar og folk utanbygds tener til levebrødet der.
Elles er det stort sett mørkt i dei velstelte feriehusa. I berre to av dei er det folk. 45 fastbuande i folketeljinga i 1865 er blitt til fem fastbuande i dag. Men til påske blir det kanskje lys i dei velstelte husa i den gamle bygdebyen på solsida av Vindafjorden.