Bygdefolk blir utestengde frå sjøen

Styret i Stordalen grendeutval har klaga på avslaget frå Vindafjord kommune. Olav Kristian Andersen er […]

Styret i Stordalen grendeutval har klaga på avslaget frå Vindafjord kommune. Olav Kristian Andersen er ikkje med i styret, men han er i ferd med å miste båtplass i Dalavik i Skjold.
Han meiner det er ei viktig sak at for folk som bur i bygda har tilgang til sjøen. Det blir i alle fall feil at kommunen stansar bygdelaget sitt initiativ, meiner han.

Livet på bygda
For Andersen handlar det om at fastbuande skal få del i ein av kvalitetane ved å bu på landsbygda, nemleg tilgangen til natur og friluftsliv.
— Eg er ein av dei det går ut over. Kaien eg brukar har fått ny eigar, og han vil disponerer den sjølv. Det er greitt nok, men eg står utan bryggeplass dersom grendelaget ikkje får løyve til flytebrygge, seier Andersen.
Han brukar båten heile året, og er like glad i å fiske juletorsk som sommarmakrell. Han er for tida reisande røyrleggjar for Aker Stord og har lange friperiodar.
— Det er ein uvurderleg hobby å kunne kome seg ut på sjøen nesten året rundt. Det aktiviserer også ungane, og dei lærer seg å like fisk, seier sjøentusiasten.
17 på liste
Han ser bort over naustrekkja og fleire private pirer som fungerer som brygge for eigarane. Midt i er Stordalen grendelag si kai. Det er den største, men har plass til få båtar samanlikna med interessa for båtplass blant bygdefolket.
Det resulterer i eit kaos med båtar festa i blåser ut på vika. Det ser ikkje Andersen som eit alternativ for båten sin når han må ut av den private brygga.
Men dette er dette grendelaget vil rydde opp i gjennom å leggje ei flytebrygge på skrå ut over vika. Så mange som 17 personar i denne grenda i Skjold har meldt interesse for båtplass.
Håpar på velvilje
— Kommunen hevdar at kaien blir for dominerande. Men dersom ho går på skrå utover trur eg ikkje det blir meir hinder enn alle båtane som ligg i blåser i sommarhalvåret. Det går sikkert an å tilpasse den litt også. Parkering vil løyse seg også. Dette må det gå an å få til med litt velvilje, seier Andersen.
Flytebrygga ligg i såkalla NLF-område og må ha dispensasjon frå kommuneplanen sidan tiltaket ikkje er knytt direkte til landbruk. Men samstundes er det tett med private naust og kaier i det aktuelle området.
Har kai – god løysing
Det er nyleg lagt ut to hyttefelt i nærområdet, og dei blir selt med båtfeste. Dermed har hytteeigarane ordna tilgang til sjø, medan mange av bygdefolket ikkje har det.
— Alle bør vere like velkomne, hytteeigarar inkludert. Men det blir ein underleg situasjon dersom fastbuande skal måtte kjøpe seg ei dyr tomt for å få skikkeleg tilgang til sjøen. Grendelaget har kai, og ei flytebrygge i tilknyting til den vil vere ei god løysing for at fastbuande skal få seg fast båtplass, meiner Olav Kristian Andersen.
Han håpar klagen skal føre til dialog med Vindafjord kommune som resulterer i at han og andre framleis kan dra både juletorsk og sommarmakrell.