— I haust vart mangelen på lagerplass for råvarer så stor at me fann ut at noko måtte gjerast. Sidan den gong har det eigentleg gått slag i slag. 1. september er Etne Bygdemølle AS formelt den nye eigaren av det som på folkemunne vert kalla «Western Geco»-bygget, seier dagleg leiar ved Etne Bygdemølle AS, Vidar Børretzen.
Omrokkering
Naboeigedommen til Etne Bygdemølle AS, på industriområdet på Tongane i Etne, er igjen attende på lokale hender. Etne Bygdemølle AS har kjøpt eigedommen av Areal Eigedom AS, med Kjell Ove Røed frå Sauda i spissen. Prisen på eigedommen var 8, 5 millionar. Allereie fyrste veka i september går det fyrste «flyttelasset» frå mølla over til naboeigedommen. Etne Bygdemølle AS sine noverande lokale skal framleis fungere som både administrasjonsbygg og lager.
— Me skal ha distriktslager for gjødsel (ammonium) i det nye bygget. Så snart alt er klart, skal 2.750 tonn gjødsel, direkte importert frå Kalingrad, plasserast i bygget. Ved å legge om drifta på denne måten, frigjer me eit stort areal i vårt noverande bygg, og får god plass til å lagre råvarer, seier Børretzen.
Per dags dato leiger pizzaprodusenten EuroFood AS, ein del av bygget og fleire andre aktørar leiger lagerplass i bygningen.
— Me kjem til å vidareføra leigetilhøva med eksisterande leigetakarar, og kanskje dukkar det opp nye interessante leigetakarar undervegs, seier han.
Børretzen røper at det er spesielt ein aktør som har meldt si interesse, men kan ikkje seie noko utover det.
— Kjøpet av eigedommen gjer fyrst og fremst moglegheiter for utviding av eksisterande drift, samstundes som det gjer moglegheiter for satsing på nye område. Kjøpet inngår i ein langsiktig strategi der målet er å vidareutvikle og styrke Etne Bygdemølle AS, og å satse på nye område anten i eigen regi eller saman med andre i framtida, seier Vidar Børretzen.
Kjøpet er ei stadfesting på at bedrifta går godt.
— Etne Bygdemølle AS har hatt ei fin utvikling. Me har hatt ein auke i både volum og i resultat, seier Vidar Børretzen.
Den nye eigedommen er på totalt 7,5 dekar, og inneheld omlag 4.000 m2 produksjons– og lagerlokale med tilhøyrande kontor og garderobar. Etne Bygdemølle AS skal bruke 2/3 av det arealet som dei har tilgjengeleg til eige bruk i det nye bygget. Det er difor rom for ytterlegare satsing utan at leigetakarane blir ramma. Det arealet som Etne Bygdemølle AS skal ta i bruk som distriktslager for gjødsel, er tre gonger så stort som det bedrifta har tilgjengeleg i dag. Ei slik samanlikning illustrerer kor stor utvidinga er.
Bygdemølle utvidar stort
— I haust vart mangelen på lagerplass for råvarer så stor at me fann ut […]