Byr på nostalgiske planter

Ødegård Plantesalg i Isvik i Skjold har Noregs største utval i sjeldne plantar. Grovt rekna […]

Ødegård Plantesalg i Isvik i Skjold har Noregs største utval i sjeldne plantar. Grovt rekna 5000 vanlege og uvanlege artar lever i den frodige oasen gartnaren har skapt eit steinkast unna E134 i Isvik. Ødegård held stand, trass i ein stadig tøffare konkurranse på plantemarknaden. Folk investerer meir i hage, og mange vil ha spesielle plantar. Dessutan ser fleire og fleire etter alternativ til dei mykje brukte tuja-hekkane.

Planter heile året
— Kundane kjem frå nærområdet og frå heile Sør-Noreg på jakt etter spesielle ting. Det går mest i trær og busk her. Nokon samlar på rododendron, andre på lønnetre eller historiske roser, fortel gartnaren.
Gammaldagse roser med duft er ettertrakta. Ikkje berre har dei eldste i rosefamilien ein tendens til å dufte betre, dei er også meir hardføre og motstandsdyktige. Ødegård har for tida heil dags jobb med å stelle dei mange plantane sine. Når det nærmar seg jul, roar han ned og opnar berre for ein og annan utanlandsk kunde, som er dei einaste som tar kontakt då.

Som babyar
Ødegård meiner at det i grunnen er plantetid heile året.
— Det er fantastisk godt plantevêr no og utover. August er ei god plantetid. Då ser me at plantene er friske og i god vekst. Tidleg på våren kan planten gjerne vere daud utan at du ser det, fordi røtene er daude, forklarer gartnaren.
Han gjev i same slengen sitt beste tips til dei som handlar planter: studer røtene framfor blomen på planten. Dessutan er det viktig å potte om, stelle og gjødsle, iallfall så lenge planten er ung.
— Plantane skal ha det akkurat som små babyar. Dei treng mat og varme, men så vil dei ikkje ha for mykje dill når dei blir vaksne. Då vil dei klare seg sjølv.
Langtidsperspektiv er også viktig når du plantar.
— Klematis, til dømes, skal du klyppe ned første året. Det er utviklinga av rota du skal tenke på, held plantekjennaren fram.

Fornyar seg
Ødegård merkar at konkurransen på plantemarknaden blir større. Dårleg sommarvêr verkar også inn på plantesalet. Mai og juni var dårlegare enn normalt, medan folk tok igjen det forsømte i juli.
— Det har blitt fleire om marknaden, samstundes som planteinteressa er på veg opp. Folk fornyar seg meir i dag. Eg merkar at det går litt mindre av standardplanter og meir av nisjeplanter, seier Ødegård.
Han meiner me har noko å lære frå andre europeiske land når det gjeld å utnytte heile året som plantesesong. Og vil du ha ein fin hage neste år, bør du byrje no.