Chris falt og skada seg i VM

— Eg hadde sett meg som mål å kjempe i toppen. Følte meg opplagt før start […]

— Eg hadde sett meg som mål å kjempe i toppen. Følte meg opplagt før start og i byrjinga av løpet. Etter ein kilometer låg mesteparten av feltet samla. Då gjekk han framfor meg på trynet. Eg prøvde å styre unna. Resultatet blei at eg vrei foten og fekk eit støt i fotbladet. Har slitt litt med ei av tærne etter at eg i fjor haust spela fotball utan sko, sa Jespersen til Grannar. Chris kom seg på beina fort etter fallet. 22-åringen gjorde også eit tappert forsøk på å halde fram, men forsto fort det ville bli vanskeleg å gå tre mil med eit slikt handikap. Han brøyt og dermed var U 23-VM over for Chris. Korlevoll-løparen hang likevel ikkje med hovudet.

Håper på Estland-tur
— Eg gikk mitt beste løp i klassisk nokonsinne her i Slovenia. Torsdagens fjerdeplass er heilt klart noko av det beste eg har prestert i langrennssamanheng. Slike resultat betyr mykje for motivasjonen, sa Chris til lokalavisa.
— Korleis er det vidare programmet ditt nå, Chris?
— Det avheng litt av om eg blir tatt ut til å vere med i Skandinavisk Cup i Estland. Målet var å gå så fort her at eg kvalifiserte meg for dei renna. Eg la forhåpentlegvis inn ein brukbar søknad på torsdag. I dag styrka eg ikkje det kandidaturet, sa Jespersen. Resultata i U 23-VM vil bli vurdert opp mot helgas norgescuprenn i Stryn og det som har skjedd tidlegare i vinter. Norges Skiforbund har signalisert at dei kjem til å sende tre eller fire løparar av kvart kjønn til det tidlegare austblokklandet. Petter Northug vil nok vere en av dei.
Jespersen har forhåpningar om å gjere det bra resten av sesongen. Han håper å få klarsignal for 50-kilometeren i Holmenkollen. Dei siste åra har Norge hatt med 22 løparar. Før denne sesongen blei den nasjonale kvota redusert. Det inneber at arrangørnasjonen berre får stille med 16 løparar.
Chris ser også fram til NM-femmila i Vadsø. Så langt i vinter har det vore mange renn i klassisk. For han passer det bra at det er ein god del fristilrenn dei komande vekene. Det er nemlig i skøyting han har størst sjansar. Fjerdeplassen i Slovenia er et bevis på at han også har potensial i klassisk. Dermed har han eit heilt anna utgangspunkt for å gjere det bra i duathlon.
— Eg trenar like mykje klassisk som fristil. Det ser ut som eg nå har fått betalt for det, sa Chris.