Det var ein glad Chris Jespesen som fekk beskjed om uttaket. 22-åringen hadde forhåpningar om å koma med etter den flotte innsatsen på 15-kilometeren i U23-VM.
På Haanja får Chris høve til å skøyta. Laurdag er det 10 kilometer fristil. Eit døger seinare står 30 kilometer klassisk på programmet. For han blir renna eit nytt høve til å markera seg.
Chris Jespersen har størst forventningar til fristilrennet i Haanja. Det er på mila han har dei beste sjansane. På ein god dag kan ei topp-fem-plassering vera innan rekkevidde.
Chris har gjort gode løp i klassisk den siste tida. Det skal bli interessant å sjå om han klarer å følgja det opp på 30-kilometeren. I så fall vil det vera ei ny stadfesting på at han har nærma seg dei beste i denne stilarten. Chris kan fortelja at han trenar like mykje klassisk.
—Eg bruker like mykje tid på begge stilartane, seier han. Like fullt har han ikkje hatt den same uttellinga i god gamaldags diagonalgang. Resultata så langt i vinter tyder på at dette fort kan snu seg.
Chris får gå renn i Estland
Det var ein glad Chris Jespesen som fekk beskjed om uttaket. 22-åringen hadde forhåpningar om […]