— Eg føler eg er godt i rute til årets sesong. Har trent bra i sommar og haust, seier Chris til Grannar. Han har framleis base i Meråker. Der bur han saman med Liv Miriam Nordtømme. Henning-jenta, som også har ei fortid som juniorlandslagsløpar. Jespersen hadde ingen god sesong sist vinter. Etter ei fin opning, sleit han med å følgje opp dei bra resultata. For første gong på fleire år har han ikkje noko tilbod i forbundsregi. I fire sesongar var han med på junior- og rekruttlandslaget. Norges skiforbund fann ikkje plass for juniorlandslagsløparen då dei tok ut dei nye landslaga på vårparten. Chris var klar over at det kom til å bli slik. Han gjekk ikkje fort nok i sin andre sesong på seniornivå til å vere med i vurderinga.
— Du treng ikkje vere på landslag for å gå fort på ski. Den største forskjellen er økonomien og samlingstilbodet. Eg fekk det eg trong av utstyr då eg var på rekruttlandslaget. I tillegg hadde vi eit stipend på 40 000 kroner. Det var pengar som kom godt med, seier Jespersen. Han er på langt nær den einaste som føler det er vanskelig å kombinere satsing på dette nivået med jobb eller skulegang. Ein og to daglege treningsøkter krev sitt. Spesielt når restitusjon er nesten like viktig som sjølve treningsøktene. Korlevoll-løparen føler han har optimale forhold i Meråker. Både i sommar- og vinterhalvåret ligg forholda der til rette for dei som vil satse. I år kom snøen litt seinare enn den brukar. Nå er det i følgje Chris kjempeforhold.
Skal gå Skandinavisk Cup
— Det er mange forskjellige trasear både for klassisk og fristil. Eg kjem nok til å bli her i jule- og nyttårshelga dersom forholda blir like fine. I så fall ligg det an til at eg stiller opp i eit renn femte juledag. Dei beste nordtrønderane bruker å vere med der, seier Chris. Eldar Rønning og Johan Kjølstad kjem neppe til å gå i år. Begge vil vere opptatte med verdscup i Nove Mesto. Det same gjeld Tor Arne Hetland. Frode Estil kan derfor bli det einaste store trekkplasteret under kretsmeisterskapen i klassisk. Chris har for øvrig sett seg høge mål i vinter. Han satsar på å gå så fort at det kan bli verdscupdeltaking etter kvart.
— Det er eit trongt nålauge å få sjansen før OL i Torino. På tampen av sesongen vil det truleg by seg ein sjanse. Eg må gå fort i noregscuprenna for å komme i betraktning. God innsats i Skandinavisk Cup kan også gi meg høvet. Har tenkt meg til Sverige den andre helga i januar. Satsar på å gå så fort i neste noregscuprenn at eg kjem med på den nasjonale kvoten. I så fall får eg dekka reise og opphald. Får også betre oppfølging under rennet, seier Chris. NSF sender både smørarar og sekundantar til Sverige.