Chris på pallen i Sverige

— Eg er veldig godt fornøgd med dette resultatet. Det er nok det beste eg har […]

— Eg er veldig godt fornøgd med dette resultatet. Det er nok det beste eg har gjort i seniorsamanheng, sa ein glad Chris Jespersen til Grannar. Den tidlegare juniorverdsmeisteren har forhåpningar om å få gå verdscup på tampen av sesongen. Han må gå fort i fleire renn for å halde liv i den draumen. 22-åringen gjorde ein brukbar figur det første året han var senior. Førre sesong var det lite som stemte. Det førte blant anna til at han ikkje fekk fornya plassen på rekrutteringslandslaget. Jespersen har fått ein god start på sin tredje sesong på seniornivå. Noregscuprennet i Stokke var oppløftande, sjølv om han ikkje var med heilt inn på fellesstarten. Han var ikkje blant dei som blei tatt ut til å representere skiforbundet i Sverige.

Roy Kaldheim som trenar
— Eg reiste på eiga rekning og er glad eg tok utfordringa, sa Chris. Han var bortimot minuttet bak Petter Northug. Den nordtrønderske junioren som stod i ein klasse for seg. Northug var svært skuffa over at han ikkje fekk gå verdscup i Italia same helg. Jespersen hadde full forståing for det. Korlevoll-løparen meiner det hadde vore meir fornuftig.
— Kroppen fungerte bra i Skellefteå. Den flotte innsatsen der er forhåpentligvis ein indikasjon på at toppforma er i anmarsj. Føler eg skal ha litt meir inne enn det eg har fått vist så langt i vinter, sa Chris. Han har fått ny trenar. Roy Kaldheim er både ein nyttig diskusjonspartnar og flink til å følgje opp. Kaldheim har i fleire sesongar vore ein viktig støttespelar for Bjørnar Larsen og de andre skigutane frå Sandeid.
Samarbeidet mellom Roy og Jespersen ser ut til å bere frukter. Jespersen har sin styrke i fri teknikk. Derfor beklagar han at det ikkje er nokon distansar i denne stilarten under første del av NM. Sprinten har han nemleg ikkje tenkt å gå. Det er i laurdagens duathlon sjansane for å hevde seg er størst. Der kjem det til å bli hardkamp om topp 50-plasseringane. For det er mange som må bevise noko i forhold til OL-uttak. Likeins i forhold til å komme på landslag neste år. Chris tenkjer ikkje i dei banar. Han er meir opptatt av å vise seg fram i forhold til verdscuprenn og Skandinavisk Cup i Estland. Dit drar han neppe for eiga rekning. Norges skiforbund kjem til å sende tre eller fire løparar til det tidlegare austblokklandet. U 23-VM er eit anna mål for Chris. Uttaket til dette arrangementet er basert på NM-resultata.