Då Langfoss skulle leggjast i røyr

Eg har mange gonger stoppa og sett på Åkrafjorden. Tatt bilder, både i storm og […]

Eg har mange gonger stoppa og sett på Åkrafjorden. Tatt bilder, både i storm og i stilla, i sol, og i solnedgang. Dette må vel vera noko av det vakraste som finst. Djup fjord og høge fjell.
Med ein historie gjennom tidene som er heilt unik, der ein har alt, frå fonn til foss. Åkrafjorden har alltid fascinert meg. Heilt frå barnsbein, då fjorden var bebudd på nordsida, og når båten kom kvar fredag, med dei som budde der, og som kom til Skånevik for å handla, og for å utføra sine ærend i Skånevik kommune.
Her kom dei med slakt, med smør og skinn og mykje anna. Desse staute personane frå Fjorden, både menn og kvinner, som hadde slite eit heilt liv. Mange bar også preg av det. Men så til sist slutta denne fredagsbåten å gå, og nordsida blei meir og meir avfolka. Desse som hadde vore med på å leggja forholda til rette for at Blåfallene kunne få byggja ut fossefall, men som nå kan resultera i at linjenettet ikkje blir vedlikehalde i framtida.
Fjorden ligg der framleis, til liks med fonna, og ikkje minst verdas vakraste foss.
Denne vakre fossen ville ein del politikarar leggja i røyr, for å få nokre ekstra kroner i kassen til Etne kommune, og overføra vatnet til Sauda.
Langfoss skulle bli ein prostata-foss, med tilfeldige utslepp når det passa. Kanskje situasjonen er ein annan i dag?
Åkrafjorden kan bli ein stor magnet innan turisme, både på sjø og land. Dette vil vera med på å få fram til overflata ting som vil bli kjent rundt om i verda, og som kan bli ein turistattraksjon.
Rullestadjuvet, jettegrytene, den gamle ferdslevegen, og mykje anna. Det er nå det må leggjast til rette for framtida, der fjorden på nytt kan brukast. Der dei som har budd der, og som nå er borte, ville sett pris på.
Fossen ligg der. Men har du sett Langfoss om vinteren? Eit fantastisk syn.
Dette blir spennande. Verdas vakraste foss og fjord. Dette vil prega heile vår region. Frå Norges fyrste signa konge, Magnus Erlingson frå Etne. Verdas vakraste fjord og foss, og namnet Nordvegen frå Karmsundet, som blei Norge.
Dette er Norge i miniatyr. Ei fantastisk utfordring til heile Haugalandet. Her har me alt. Bruk det.

Ove Wiland