Dagen var komen då me skulle reisa. Me gjekk til fots over Fanafjellet og vidare til Fanahamaren. Der låg ein stor båt og venta på oss. Båten heite «Mira» og høyrde til Bergenske Dampskipselskap. Det var ein strålande sommardag og me låg på båtdekk og sola oss på heile turen. Me åt på krigsproviant som bestod av hermetisk middag, brødmat og vatn.
Båten la til kai i Sandnes. Derifrå marsjerte me til den staden som vart leiren vår. Me sette opp telta våre og gjorde oss klare til å delta i kampane som gjekk føre seg på fleire områder på Jæren.
Når det var slutt på kampane, som då hadde vart ei heil veke, samlast alle avdelingane, og stod oppstilte. Så kom Kong Håkon den 7de og helsa på oss alle. Det var ei stor oppleving som eg ikkje vil gløyme.
Ingvald Åsheim