Dagen for ytringsfridom

Debatten om ytringsfridom er eit av dei viktigaste spørsmåla på tvers av etniske og kulturelle […]

Debatten om ytringsfridom er eit av dei viktigaste spørsmåla på tvers av etniske og kulturelle grenser. Det er ein relativt liten del av verdas befolkning som har ytringsfridom gjennom det frie ord i vår tradisjon av begrepet.
Feiringa av grunnlova er ikkje minst ei markering av at ytringsfridom er viktig, og har vore det sidan 1814. Historisk er ytringsfridomen ganske ung også i vår del av verda. Markeringa av ytringsfridomen er kjernen i nasjonaldagen, medan feiringa av det nasjonale også kan ha uheldige sider. For sterke nasjonale trekk, kan slå tilbake på dei liberale og demokratiske verdiane Noreg byggjer på.

I formidlinga av nasjonaldagen til nye generasjonar, skal ein ikkje gløyme kampen for fridom under 2. verdskrigen. På same måte som det er viktig å halde levande Holocaust som ein skamplett for sivilisasjonen.Men overfor yngre generasjonar, blir det viktig å gi 17. mai også andre framtredande dimensjonar for vår tid. Det er først og fremst ytringsfridom og menneskerettar som gir enkeltindividet ein heilt annan posisjon her i landet enn i mange andre land.