Dagros får mjuk seng

Ute er harde betonggolv. Minimum 21 millimeter tjukke madrassar skal gi kua eit meir behageleg […]

Ute er harde betonggolv. Minimum 21 millimeter tjukke madrassar skal gi kua eit meir behageleg liv. Det blir mindre slitasje på ledd når det fleire hundre kilo store dyret skal opp og ned av senga. Når båsen blir mjukare, vil også kua liggje lenger. Det gir betre utnytting av foret når kua slappar av og bruker mindre energi.
Og betre trivsel gir kanskje meir mjølk, meiner ekspertane.

Vore rush
I følgje sist oppdaterte statistikk er det 4.834 kyr i Etne, Ølen og Vindafjord som har krav på eit mjukare underlag enn før. Mange bønder har skaffa madrassar tidlegare, både fordi dei visste at kravet var på veg, og at dei ville skaffe Dagros noko mjukare å kvile seg på.
På Felleskjøpet i Etne merka dei eit rush etter matter då slåtten var ferdig.
— Vi har hatt problem med å skaffe nok matter og det har tidvis vore ventetid. Men no er vi à jour, fortel Rolf Håland ved Felleskjøpet i Etne.
Han reknar med at det enno er ein del som ikkje har fått kumadrassar i fjøsa sine.
Prislappen for å gi alle kyr i Etne, Ølen og Vindafjord madrassar, er nærmare 3,5 millionar kroner.

Tviler på økonomien
Før helga var Erling Lien I Ølen i ferd med å vaske ut i fjøset før han skulle montere matter. Fulltidsbonden ser poenget med at kyrne hans vil liggje betre og at det er eit pluss for trivnaden til dyra. Men han er langt frå sikker på at investeringa vil lønne seg.
— Eg trur helst det berre er ei utgift. Eg har vore heldig med dyrehelsa og levert elitemjølk i 12 år. Eg tvilar på at resultatet blir noko betre, seier Erling Lien.
Han har ikkje noko imot at kyrne får madrassar, men han meiner det er alt for mange pålegg bøndene få på bordet frå sentralt hald.
— Garden er jobb for to og inntekt for ein. Dei siste åra har det vore nye reglar heile tida. Det blir heise, vi treng litt arbeidsro i denne næringa også, meiner han.
Kostnaden på rundt 16.000 kroner på 19 båsar ser han på som ei rein utgift som han tvilar på vil betale seg for hans del. Ein fordel med matter er at det blir lettare å halde reint i båsen. Derimot blir det mindre slitasje på klauvene og det blir behov for meir klauvskjering.

Smittesluse og utdanning
Senga til Dagros er ei av fleire nye retningslinjer for storfe som Mattilsynet har innført. Eit anna nytt krav er eigne smittesluser inn til husdyra i fjøset for å unngå at sjukdom skal kunne kome inn eller ut av fjøset. Det er eit rom der ein skiftar fottøy og ytterklede. Tankbilsjåførane skal ha ein eigen del av mjølkerommet. Alle bygningsmessige tiltak er krav til nybygg, og det skal brukast skjønn når det gjeld eksisterande fjøs.
Frå 2009 skal dei som eig og driv med storfe ha relevant utdanning som gjeld landbruk og husdyr. Men for dei som alt arbeider i næringa, er praksis eit grunnlag for å få godkjent kompetanse. Mattilsynet fastsette nye retningsliner for storfe i juli i år.