Var det verkeleg tilfelle? Jo, det står så. Men i all verda – – – kan det gå an?
Er ikkje Stemnestaden bygd for kristen verksemd? Og det er sikkert statuttar som viser dette.
Er det verkeleg kome så langt ut, vekk og bort at det er om å gjera å bevega seg så langt i periferien som dette? Trudde målet for verksemda på Stemnestaden var å koma inn til sentrum for kristen forkynning mest mogeleg – – –
Men er då dans så gale då?
Me er i fastetida – tida fram mot påske – med tanke på Jesus sin gong til Getsemane og Golgata – Lidingsvegen.
Kan det forenast med dans i bedehuset? Eg berre spør.
Nei, kjære Normisjonen. Eit slikt feilgrep må de retta opp på ein eller annan måte. Elles så minkar det på tilliten til Dykk mellom misjonsfolket.
Med helsing
Magnus Sørhus
Øvre Vats