Det skulle vere heile Vindafjord si markering, og festen var lagt inn i programmet til gjestene frå vennskapskommunane i Sverige, Finland og Danmark som var på besøk til i går.
I underkant av 200 menneske benka seg i friluft utanfor Vikedal bygdehus i eit par timar på laurdag føremiddag. Der var det musikk og historisk sus.
Ordførar Reidar Håvås og rådmann Gerd Ingunn Opdal trippa i forkant av arrangementet og skulte på skyene. Men sola kom fram og slapp ikkje taket.
Også republikanarar
Det var flest bygdefolk frå Vikedal, og det var den litt eldre garde, som kom for å oppleve litt fest og jubileumsstemning. Lokalhistorikaren Thomas Finnvik hadde fått i oppdrag å kåsere om Vindafjord i 1905 og 2005. Men det meinte han ikkje var så lett å få til sidan 40-åringen Vindafjord ikkje fanst i 1905.
Finnvik hadde eit lunt skråblikk på korleis det var på bygdene i 1905, og han serverte mange slåande kontrastar til dagens Vindafjord. Unionsoppløysinga vart godt mottatt i bygdene, men det fanst også republikanarar som stemte mot at danske Carl (seinare kong Haakon) skulle kome til Noreg saman med Maud og gi landet eit nytt kongehus. I Vikedal stemte 19 mot, og i Skjold sa 26 nei til den danske prinsen.
Noko meir norsk enn bunader og leikarring skal ein leite lenge etter. Reidun Hedetoft hadde med seg rundt 25 dansarar i leikarringen, der både barn og vaksne var med. Og alle har lært å danse av Hedetoft. Dei nordiske gjestene svinga seg også til slutt i dansen. Dansa gjorde også ei dansegruppe frå kulturskulen, i ein litt annan vri med jazzdans.
Etter at Vats og Sandeid musikkorps førte an i nasjonalsongen, var det jubileumskake med tilbehøyr som Vindafjord kommune spanderte.