Dans har berre stått på menyen i Ølen og Vindafjord Kulturskule i to år. At jentene berre har to år på baken som dansarar, er ikkje til å tru. Prestasjonane var så gode at ein skulle tru dei hadde øvd i fleire år.
Ei reise i tid
Framsyninga starta med ein prolog av den eldste gruppa Grande 2. Deretter bar det rett inn i steinalderen. Med primitive kostyme var det ikkje tvil om kva tidsepoke gruppa Grande 1 var i. Neste stopp med tidsmaskinen var Antikken. Her vart det fokusert på dei olympiske leikar, med flotte kvite kostyme, og OL-ringane. Deretter var det klart for romartida. Musikk frå filmen Gladiatoren strøymde frå scena, og dansarane var kledde for kamp. Så var det klart for middelalderen. Gruppa Midi gjorde sitt fyrste nummer, og det med stil. I barokken var det dei aller yngste jentene som kom på scena. Dei sjarmerte med smil og flotte piruettar. Etter barokken var det klart for romantikken. Kva er vel meir passande då enn svermande par bølgjande over scena i feiande vals? Jazzdans var neste stopp på programmet, den var det Grande 1 som gjennomførte. Kveldens høgdepunkt kom då tidsmaskinen stoppa i 60-talet. Her fekk me sjå svingskjørt, hestehalar og flørtande blikk. Jentene strutta av sjølvtillitt og framførte eit herleg swingshow, til musikk frå blant anna Dirty Dancing.
Inn i framtida
Til musikk av Jackson Five med «Don`t blame it on the moonlight», var det klart for diskoalderen. Grande 1 hadde med alle dei obligatoriske dansetrinna frå den epoken, og hausta trampeklapp frå salen. Tidsmaskinen stoppa ikkje her, men fortsette reisa vidare mot vår tid. Me var innom 80-talet og breakdans og deretter vart det millenium-feiring med dei yngste danseløvene. Heilt til slutt stoppa tidsmaskinen, då var me komne til år 3000. Gruppa midi tok då eit nummer som var inspirert av romskip og verdsrommet, til songen «Space invaders».
I eit slik stykke er det ikkje berre dansinga som skal fungere, ein må også vere ein god skodespelar for at framsyninga skal fungere. Dette klarte jentene med glans. Dei hadde mange roller. Dei gjennomførde rolla som krigar like godt som flørtande 60-talsberter.
Noko anna, som heilt klart må nemnast, er dei flotte kostyma. Bortsett frå kostyma i nummeret romantikken, der utstyret var lånt frå «Les Miserables» på Bømlo, var alt sydd heime av flittige mødrer.
All ære til danselæraren
Den som rektor i Kulturskulen, Frode Lindanger, meinte hadde æra for at dansemiljøet har blomstra opp, er Monica Tveit Sæverud. Han berømma hennar innsats, og gav ho ein blomebukett og ein stor takk før dansarane kom på scenen. Blomebukett vanka det også frå Ane Kesia Eide Fatland. Ho takka Monica Tveit Sæverud på vegner av alle foreldra.
— Monica har stått på i 10 månadar med ungane våre. Jentene har hatt det kjempekjekt! Tusen takk Monica, sa ho.
På vegner av dansarane var det Anne Hognaland som takka den dyktige danselæraren.
At det ligg mykje øving bak det publikum fekk sjå onsdag kveld, er det ikkje tvil om. Vonaleg held jentene fram med å dansa, for dette var kjekt å sjå på.
Hanne Rullestad