Dansefeber i Vindafjord

Danselærar og koreograf Monica Tveit Sæverud har sidan september trena jamt og trutt med dei […]

Danselærar og koreograf Monica Tveit Sæverud har sidan september trena jamt og trutt med dei 46 jentene. Ideen om danseførestellinga jobba ho fram sist sommar, og sidan har tilværet til den populære danselæraren vore svært prega av det som skal skje på fredag.
Alt som har med musikk og koreografi å gjere har ho tatt seg av. Då Grannar var innom øvinga på tysdag, var det to nummer som dansarane terpa på. Med alt som skulle klaffe på berre dei to nummera er det rett og slett utruleg at det er berre ein person som står bak heile førestillinga på 16 nummer. Monica Tveit Sæverud har jammen gjort «Litt av ein jobb».

Gler seg til premieren
— No gler me oss veldig til fredag. Dette har me jobba lenge for og eg vonar mange vil koma, seier Monica Tveit Sæverud.
Dansarane går i frå 2. klasse på grunnskulen til 2. klasse på vidaregåande og har i alt trena inn 16 nummer.
— Temaet for førestellinga er å danse ulike yrke. Publikum får mellom anna sjå frisørar, klovnar, piratar, bilmekanikarar og flyvertinner, seier ho.
Alle dei flotte kostyma har Randi Robberstad utarbeidd. Ho har mellom anna jobba med Les Miserables. Sjølve jobben med nål og tråd er det flittige foreldre som har stått for.
— Me hadde aldri greidd dette utan den gode hjelpa me har fått frå foreldre, seier Monica Tveit Sæverud.

Tre framsyningar
Fredag går startskotet for premieren, elles vert det ekstraframsyning på laurdag og skuleframsyning for alle elevar på mellomtrinnet i Vindafjord kommune siste fredagen før påske.
— Me har allereie seld over 200 billettar til premieren og i overkant av hundre til laurdagen. Me lovar ei førestelling som spenner frå det heilt rolege til full fart. I tillegg blir det ein del humor og overraskingar til publikum, seier Monica Tveit Sæverud, før ho spring for å øve enda litt til.