Det var «Stril Hercules» tilhøyrande Møkster Shipping i Stavanger som nå har fått overstått det seremonielle etter ein litt brokete byggeperiode. Verftet i Ølensvåg måtte ta over sluttarbeidet for konkursramma Flekkefjord Slip og har gjennomført prøvekøyring og uttesting av det nye offshore nybygg som er nesten hundre meter langt, 20 meter breitt og har 29 lugarar.
«Stril Hercules» blei overtatt av reiarlaget etter konkursen og stafettpinnen blei gitt vidare til Westcon i Ølensvåg. Skipet med ein prislapp på over 400 millionar kroner, er eit såkalla områdeberedskapsfartøy.
Frå Ølen skal nybygget inn i ein jobb på Tampen-området i Nordsjøen. Møkster har sikra seg ein tiårskontrakt med StatoilHydro.
Dåp ved Westcon
Det var «Stril Hercules» tilhøyrande Møkster Shipping i Stavanger som nå har fått overstått det […]