Gjennom innlegg i «Grannar» 31.05. seier Anders Lærdal m.a.: «Og med Senterpartiet i regjering hadde me venta eit betre tilbod. Dei held alltid igjen når det gjeld bøndene. Andre yrkesgrupper og lønsmottakarar får det dei forlangar og vel så det. Aldri har det vore så godt lønsoppgjer som i år sa LO-formannen».
Ja, forventninga var stor, inga tvil om det. Men dei som kjenner SP veit at dette partiet slett ikkje «alltid held igjen når det gjeld bøndene». Men korleis vart eigentleg resultatet av jordbruksavtalen dette året? I kroner for kvar bonde var auken i snitt på nivå med auken for lønstakaren, og det er ein heilt annan retning enn tidlegare – også under Bondevik II-regjeringa – då det gjekk den vegen som Anders Lærdal skriv: «at lønsutviklinga har gått nedover». I dette oppgjeret fekk altså bonden omtrent det same som LO-formannen kalla historisk godt oppgjer. Men gapet mellom inntekta til lønstakaren og bonden er så stor at me meir enn gjerne hadde sett eit endå betre oppgjer denne gongen.
Vona om dette har stege merkbart nå i tida etter at jordbruksavtalen vart ferdig. På grunn av uttalar frå ulike nivå – ikkje minst frå landsstyreleiar Dagfinn Høybråten – er denne vona nå verkeleg stor. For å nå dette målet treng me samarbeida og uttrykkjer same ønskjer som Sigve Sørheim har i «Grannar» 31.05.: «vonar me kan kjempe saman om å betra vilkår for bøndene, også for å få betre tilbod frå dei raudgrøne».
Olav Eikeland,
Vindafjord SP