Me undra oss i grunnen ein del over at Etne kommune ikkje kan vise til kor mykje som vart spart sist gong det vart lagt ned skular. Ein skulle tru at dette hadde blitt prioritert når ein såg kva ein ville fremja i budsjettforslaget for 2005, eller venta ein ikkje å få reaksjonar?
Me sit vel igjen med ein følelse av ikkje å bli tatt på alvor.
Me sluttar oss til Senterpariet v/Lars Ø. Grønstad sin definisjon om kva kynisme er, «ein ser prisen på ein ting, men ikkje verdien».
Eit av spørsmåla til Arbeidarpartiet ved varaordføraren var om dei hadde kvalitetssikra sitt budsjettforslag? Dette fekk me ikkje svar på. Me har i heile denne budsjettrunden høyrt i frå Arbeidarpartiet at det var dei som måtte ta steget ut og kome med eit forslag kor dei visste dei ville få negative reaksjonar på. I ettertid har dei bede andre parti om å vera kreativ og kome med sine eigne forslag. Og i neste omgang gå så hardt ut mot andre parti om budsjettforslaget er kvalitetssikra eller ikkje, er gjedna i meste laget? Eit anna spørsmål som dukkar opp er om Etne Arbeidarparti ikkje har tiltru til «Soria-Moria erklæringa»?
På debattmøte sa ordføraren at han var lojal mot si eiga gruppe, vår oppfatning av ordføraren er at han ikkje støttar nok opp om hans eige parti sitt budsjettforslag som han sjølv var med å utarbeida. Me saknar meir engasjement frå ordføraren si side.
Me vonar at Kristeleg Folkeparti og vil gå inn for å redda Rygg skule og barnehage! Det har kome fram at det er blitt kutta i rammene til alle i kommunen tidlegare år og det har dei klart med glans. I 2004 klarte Etne kommune å setja av 4,5 millionar til fond, med 3 % reduksjon på driftskostnadar i siste del av året. Korleis kan ein då sei at det å kutte i budsjettpostar er ei dårleg løysing? Kristeleg Folkeparti vil ikkje leggja ned Rygg skule, viss ikkje Enge skule vert styrka. Ligg det ei utbygging i nær framtid?
Kva legg politikarane ned neste gong Etne kommune har vanskar med å få budsjettet sitt til å gå opp?
Me vil òg få med at me meiner at Enge skule er ein god skule slik han er i dag!
Me vil takka Etne Høgre, Etne Senterparti, Framstegspartiet, Krinslista for Skånevik, Venstre og Kristeleg Folkeparti for at me er blitt høyrde og blitt tatt på alvor. Me kan dessverre ikkje sei det same om Arbeidarpartiet, her har me omtrent berre blitt møtt med ei arrogant haldning, men det har ikkje bremsa oss!
Me vil òg få takka innbyggjarar i andre krinsar for god støtte i kampen for å redda Rygg skule og barnehage.
Me kryssar hender og føter for at det vil gå vegen for oss den 13. desember 2005.
Tora og Johne Lilledal, Laila Flatebø, June Tesdal, Trude Flydal, Jostein Grindheim