Dei byrja i det små

Dei har alle byrja i sine nærmiljø. Jakob Hatteland i ei løe Åmsosen i Nedre […]

Dei har alle byrja i sine nærmiljø. Jakob Hatteland i ei løe Åmsosen i Nedre Vats. Med grundig arbeid og tru på seg sjølve og det dei arbeider med, har alle desse tre bedriftene vakse seg store og gjort seg kjende langt utover bygdene dei starta i.

Og ikkje berre har dei starta i bygdene. Dei har blitt verande der. Dei har sett fordelane av å ha ei trygg forankring i eit kjent miljø. Dette viser at det er ingen stad som er avsides eller på andre måtar umoglege å driva næringsbedrifter. Det er ein myte som desse bedriftsgründarane har gjort skikkeleg til skamme.
Og ikkje berre for seg sjølve. Men også for andre som driv i mindre målestokk. Desse motorane er sjølve drivkrafta i eit pulserande næringsliv i distriktet vårt.

Sist veke var det haustfest i alle 4H-klubbane i distriktet. Nærmare bestemt i nye Vindafjord. I Ølen kommune er det berre Bjoa som har ein aktiv 4H-klubb. I Etne er det mange år sidan 4H-klubben blei lagt ned.
Dei er heldige dei ungdommane som har eit aktivt 4H-miljø i sitt nærmiljø. Dei fire H-ane i 4H, som står for eit klårt hovud, eit varmt hjarte, flinke hender og god helse, har i seg det beste ein ungdom kan ta med seg vidare i livet.

Me ser det ikkje som usannsynleg at ein eller fleire 4H-ungdommar i framtida kan bli ein kandidat til ein gründarpris. Anten det nå er frå Ernst & Youngs, eller andre.
Me gratulerer Hatteland Gruppen, Westcon og Ølen Betong for prisen og ynskjer representantane deira god tur til Oslo for ein ny runde i konkurransen. Sameleis gratulerer me alle 4H-ungdommane med velgjort arbeid. Det er både gildt og spennande å følgja med på kva dei vel av oppgåver for kvart år.