Dei fire årstider

Går ein attende i tid og ser det som var frå 1945 og fram til […]

Går ein attende i tid og ser det som var frå 1945 og fram til i dag, vil me på mange måtar ikkje kjenna oss att. Tenk berre på samferdsla i heile landet. Der det før var ei reisetid på eitt døgn, er reisetida nå 2-3 timar. Framgangen på alle felt har mest heilt tatt av. Dette gjeld også forsking, og det som forskinga har resultert i både på godt og vondt.
Når me ser dei som veks opp i dag, der framtida ligg føre dei, går dei inn i ei uviss tid. Slik var det også før og før det igjen. Heile systemet er i stadig utvikling, der utviklinga også kan bidra til at ein får negativ utvikling på ein del områder. Ein skal vera svært varsam med berre å sjå dei positive sidene. Trass alt har medaljen også ei bakside som vender inn mot brystet, og talar sitt språk, der glamouren synest, og lyser mot det opne landskapet. Det å leva for kvarandre skal ein ikkje gløyma, samt å leva med kvarandre og ha i tankane det som lever og rører seg i vår fantastiske fauna, på land og sjø.
Dagens forureining har sett prikken over i-en i ei utvikling der meg og deg kjem i fokus. Der utviklinga er, der meg og deg kan brødfø oss, og elles ha alt innan hobby og tilbod som rører med det me ikkje ser, og me ikkje vil sjå, eller ta og føla på. På same tid skal ein ikkje gå attende og leva slik dei gjorde for 50-60 år sidan heller. Ein må heller ikkje stilla seg slik at me må be dei komande slekter om orsaking for den utvikling og forureining som blir utvikla og som skadar oppvekstmiljøet for våre etterkomarar og dyrelivet på land og sjø.
Det heile må gå i balanse og ikkje slik at ein er på veg til vegs ende.
Dette minner meg om desse fire årstidene me har. Der vinteren er som ein dvale for nokon, ein kamp for nokon. Der nokon berre går og ventar på denne årstida, og nokon er heilt avhengig av vinteren for i det heile å kunne eksistere. Der vår fauna har gått til ro som i ein god svevn. Der mange av våre firbeinte senkar kroppstemperaturen og går inn i sin eiga verd utan mat og drikke. Der husdyra er inne til pleie og velvære, medan fuglane og villdyra kjempar ein kamp for å finna mat og ly i kulde og storm. Dette er ein balansegang som dei aller fleste ikkje tenker så mykje over og på. Vinteren dreg også mykje anna med seg som auka luftforureininga som legg ein dempar i by og bygd, der olje og vedfyring gjev eit svært negativt resultat i desse vintermånadene saman med alt anna.
Men når vinteren er på hell og våren kjem, kan ein sjå veksten ta til og skaparverket kjem på nytt om og om igjen. Fuglane kvitrar og knoppane kjem. Våren er heilt spesiell. Isen smeltar litt etter litt i bekkefara, der desse spesielle lydane kjem fram og ein kan mest høyra våren er på veg. Det er berre heilt fantastisk når ein ser det som kjem fram frå dvalen og ut i naturen.
Sumaren kjem med oppblomstring og nye liv kjem til, som alt anna. Noko kallar me ugras og må ha det vekk, men som alt anna har alt livets rett. I havet blomstrar alt på nytt til liks med på land og me føler at varmen og oppblomstringa i oss veks for kvar dag. Dyra går ute og nye liv kjem til.
Kan me ha det betre i eit land der me lever i fred og fordragelegheit for dei som vil. Sumaren er ei tid då me haustar inn det me treng. Sumaren er også ei veksttid då me ser alt rundt oss blomstrar opp. Tida då me kan nyta sola som gjer så mykje med oss. Me får ny energi og spenning.
I haustens famn bli dagane kortare, blomane bøyer seg og takkar for seg, faunaen går meir og meir til ro, trea mister blader og all føde er komen inn i hus. Mauren har krope lenger ned i jorda, og me kler oss varmare for ikkje å frysa. Det som har blomstra og vakse førebur seg på nytt til ein dvale og kvile. Naturen og livet er heilt fantastisk, og me er heldige som har fått oppleva alt dette og tatt del i det der ein kan sjå nye liv kjem til medan andre fer i ein samansett naturleg verden der me alle er ein del av den.

Ove Wiland, Skånevik