Dei nye avløysarane

— Mesteparten av den innleidde arbeidskrafta på gardane i Ølen og Vindafjord blir ordna privat, […]

— Mesteparten av den innleidde arbeidskrafta på gardane i Ølen og Vindafjord blir ordna privat, opplyser Gudveig Håland, dagleg leiar i Ølen og Vindafjord Avløysarlag.
Ho får stort sett avløysarane inn i sitt system i samband med utbetalingar av lønn og registreringar som har med det å gjere. Ho fortel at ho no har kring 15 arbeidarar frå tidlegare austblokkland, hovudsakleg frå Latvia, Litauen og Polen, registrerte i sitt system.
— Talet har auka litt kvart år, men me har ikkje opplevd den eksplosjonen som det var snakk om etter EU-utvidinga 1. mai i år, seier Håland.

Gode pengar
Eivind Vik og Frank Flydal er to av dei som nyttar seg av arbeidskraft frå dei nye EU-landa. Dei driv mjølke- og kjøtproduksjon i samdrift, og for andre år på rad har dei sesonghjelp frå Latvia. Aivis Tantss har jobba for dei i sommar, og han blir ut september.
— Me hadde ein annan i fjor, men han kunne ikkje kome i år. Dermed fekk me ein kamerat av han i staden. Det går gjennom vennskap og kjennskap, seier Flydal.
I vintersesongen jobbar Aivis Tantss som sjåfør heime i Latvia, og han legg ikkje skjul på at han tener gode pengar på jobben i Noreg.
— På to månader tener eg det same her som eg ville gjort i løpet av ti månader heime, seier han.
— Kva er den viktigaste grunnen til at de nyttar utanlandsk arbeidskraft?
— Det er nesten umogleg å få tak i sesongarbeidarar her. Me ser på dette som ein positiv måte å få tak i hjelp, seier Eivind Vik.
— Dei som kjem frå Latvia skal ha ei minstelønn på 83 kroner timen i følgje tariff, medan ein nordmann har ei minstelønn på over hundrelappen, forklarer Vik vidare.
Han legg til at kor vidt ein sparer på å nytte utanlandsk arbeidskraft, blir eit spørsmål om korleis ein vurderer det.

Kommunikasjonen tar tid
— Det blir mykje opplæring og kommunikasjonsvanskar, og det gjer at det tar tid å kome skikkeleg i gang med arbeidet. Oppgåvene skiftar raskt her, og då blir det stadig ny opplæring. Det tok ei tid før me såg effekten av avløysarhjelpa me har no, seier Vik.
Aivis Tantss snakkar berre nokre få ord engelsk, og det gjer kommunikasjonen tungvint. Ein del av løna hans er elles kost og losji, og han gjev uttrykk for å vere godt nøgd. Fritida nyttar han til fisking saman med andre latviske avløysarar i området.
Både gardbrukarane og dagleg leiar på avløysarkontoret opplyser at einaste endring dei merkar etter EU-utvidinga, er at restriksjonane som før sa at gjestearbeidarane måtte ut etter tre månader, er vekke. Vik meiner dette er eit pluss i og med at det gjev høve til større fleksibilitet.
— Etter tre månader skal gjestearbeidarane også justerast opp på tariffen som gjeld for den yrkesgruppa dei jobbar innan, opplyser Gudveig Håland.