Personar som var ramma av katastrofen har fortalt frå sine opplevingar. Skildringane overgår alt me tidlegare har sett og høyrt. Mange av dei har redda livet på mirakuløst vis. Men diverre er det mange som ikkje var så heldige. Talet på omkomne i dei ramma landa er komme opp i 150 000. Eit ufatteleg høgt tal. Talet på sakna og omkomne i Noreg var onsdag føremiddag til saman 104. Det er meir enn seks gonger så mange som dei som mista livet i «Sleipner»-ulukka i november 1999.
Nyheitsbildet her heime har dei siste dagane vore ei blanding av reportasjar frå katastrofeområda og diskusjon og krangel om katastrofehandteringa her heime. Me deler kritikken som har komme og meiner handteringa avslørte store manglar alt frå første dag. Det var ikkje vilje eller hjartelag det skorta på, men evne til rask og effektiv handling. Rotet med listene over sakna personar, er berre eitt døme på at her trengst det opprydding i mange «hus». Når me veit at Noreg er peika ut som eit terrormål av verdas verste terroristar, må me få lov til å stilla spørsmål til og få vita kva vernebuing me har i dette landet. Me set vår lit til at evalueringa og granskinga rundt UD si handtering vil føra til at me får ein oppdatert og handlingsretta kriseplan både for katastrofar innanlands og i utlandet. Eit godt råd kan vera å sjå til Italia, som var raskast ute då monsterbølgja kom. — Vi gjentar ikkje gamle feil, seier ein italiensk diplomat til Dagens Næringsliv.
Midt oppe i tragedien, er det lyspunkt. Givargleda er enorm. Folk verda over gir pengar til flaumofra. Lokalt blir det skipa til konsertar og ulike innsamlingsaksjonar blir sette i gang. I staden for å gå julebukk for å fylla posar med julesnop, samlar born inn pengar til Asia.
Nå må fokuset setjast på hjelpa og gjenoppbygginga av dei verst ramma områda. Dei treng hjelp og støtte frå verdssamfunnet i mange år framover. Me har ikkje lov til å gløyma det som skjedde 2. juledag 2004 når aviser, radio og fjernsyn igjen er tilbake til den vanlege norske mediekvardagen.