Fylkesleiar for Utdanningsforbundet i Rogaland, Sigrun Haaland, seier at undersøkingar gjort i vår, viste at søkjarmassen til stillingane var gått ned med 40 prosent, i forhold til tidlegare år.
— Nokre kommunar har gått ut med ekstra utlysingar, og har måtta lokka med blant anna høgare lønn. Mange kommunar har også måtta tilsetja ukvalifiserte lærarar for å dekka alle stillingane. Situasjonen er svært trist, særleg med tanke på at søkjarane til lærarutdanninga går tilsvarande nedover, seier Haaland.
— Merkbart i distrikta
Leiar i Utdanningsforbundet Hordaland, John Torsvik, trur at det minkande søkjartalet først og fremst har ramma kommunane ute i distrikta.
— I Bergen har det stort sett vore bra, men eg trur det er distriktskommunane som vil merka nedgongen først. Etter undersøkingane vår, viste det seg at distriktskommunane så vidt klarte seg, seier Torsvik. Han trur også at fleire kommunar enn tidlegare har måtta tilsetja ufaglært personell grunna situasjonen.
— Om sommaren pleier det ofte dukka opp fleire ledige stillingar, og då blir det nok ofte tilsett ukvalifisert personell for å dekka behovet.
Dekka i Vindafjord
Medan andre Rogalandskommunar har spytta i med høgare lønningar og andre gulrøter for å få opp søkjarmassen til lærarstillingane, har Vindafjord kommune klart å dekka behovet utan store tiltak.
— Me har klart å dekka inn det som trengst av faglærte lærarar, og det har ikkje vore vanskeleg å få kvalifiserte søkjarar til jobbane her, seier hovudtillitsvalt for Utdanningsforbundet sitt lokallag i Vindafjord, Torleif Svanæs.
— Det har ikkje vore noko krise for å få tak i kvalifiserte lærarar hjå oss, men me registrerer trenden med færre søkjarar i regionen. Også når det gjeld skuleleiarstillingane er det dårlegare søkjarmasse, seier Svanæs, og viser til den ledige stillinga som rektor på Bjoa skule.
Så vidt dekka i Etne
Hovudtillitsvald i Etne, Dagfinn Garnes-Johnsen, seier at stillingane er dekka, men at ein har vore naudsynt til å tilsetja folk utan den rette fagkombinasjonen.
— Etter dei siste tilsetjingane har me fått dyktige folk med godkjent pedagogisk utdanning, men ikkje alle har den fagkombinasjonen me hadde ønska, seier Garnes-Johnsen, som fortel at det har særleg vore dårleg med søkjarar med allmennlærar-utdanning.
— Det har vore svært dårleg med søkjarar, og me måtte ut med ekstra utlysingar. I vår hadde me berre ein søkjar med godkjent utdanning per stilling. Det er første gong me har opplevd at det har vore så dårleg søking, seier Garnes-Johnsen.
Ser mørkt på framtida
Om situasjonen er vanskeleg nå, er mange meir bekymra for framtida, der lærarbehovet vil bli utfordra frå to sider.
— I løpet av ti år vil det bli ei enorm utskifting av lærarmassen, og då er det ekstra skummelt med den store nedgongen i søkjartalet til utdanninga. Dei flinke unge i dag vel diverre ikkje lærarutdanninga. Framtidsspådommane er dystre, seier fylkesleiar i Rogaland, Sigrunn Haaland.
— Me har ein forventa avgangsbølgje i vente, og eg er uroleg dersom dette kryssast med ein vidare trend med færre og færre søkjarar på stillingane, seier Torleif Svanæs i Vindafjord.