Delt syn på Erna-pengar

Håvås meiner Erna Solberg spring frå det ho lova både i brev og i debattfinalen […]

Håvås meiner Erna Solberg spring frå det ho lova både i brev og i debattfinalen i Vindafjordhallen, nemleg at kommunesamanslåinga mellom Ølen og Vindafjord ikkje skulle koste kommunane fem øre. No er svaret kome, og kommunalministeren stiller opp med 28,7 millionar kroner i tiskot. Det er over ti millionar kroner mindre enn det samanslåingsministeriet i nye Vindafjord søkte om.
Løftebrot
— Når forskjellen er så stor som ti millionar kroner, så er dette utvilsamt eit løftebrot frå Solberg. Ho stod i Vindafjordhallen og lovde at ho skulle ta rekninga og at vi ikkje skulle betale dette sjølv. Det var direkte utslagsgjevande for det knappe fleirtalet for samanslåing i Vindafjord. Vi har ingen pengar sjølve, så dette vil gå ut over kvaliteten på samanslåinga, seier Håvås.
Vindafjordordføraren meiner det er enkelt å love når kommunalministeren dikterer beløpet utan å bry seg med kva Ølen og Vindafjord presenterer av behov for å få ei best mogleg samanslåing.
— Kommunalministeren kan ikkje ha mykje truverde etter dette, meiner han.
Mildare Bergsvåg
Ordførarkollegaen i Ølen, Arne Bergsvåg, vil derimot ikkje refse kommunalminister Erna Solberg for løftebrot.
— Lovnaden er ikkje hundre prosent oppfylt, men eg vil vente med å svare på eit slikt spørsmål til vi ser sluttresultatet. Det kan jo vere at det er meir pengar å hente dersom fellesnemnda meiner det blir vanskeleg å gjennomføre samanslåinga med det vi har fått, seier han.
Bergsvåg er i dag meir opptatt av at nye Vindafjord har fått langt meir pengar enn Re kommune fekk for nokre år sidan.
— Vi har fått over 28 millionar kroner, medan Re fekk 13-14 millionar for nokre år sidan. Dessutan laga vi søknaden før vi visste eksakt kva ting ville koste. Difor var overslaget litt raust. Det har vi hatt dialog med departementet om, seier han.
I pressemeldinga kommunaldepartementet sende ut om kompenasjonen til nye Vindafjord, slår departementet seg litt på munnen. Der står det først at nye Vindafjord skal få kompensasjon for ein del av kostnadene, for så å konkludere med at samanslåinga ikkje skal få konsekvensar for kommunane sine vanlege budsjett.
Ambisjonsnivået
Både Bergsvåg og Håvås understrekar at det er uaktuelt å bruke av eigne budsjett for å gjennomføre samanslåinga sjølv om kommunalministeren ikkje innfrir heile søknaden.
— Det er heller ikkje slik at fordi om tilskotet er 25 prosent mindre, så blir prosessen 25 prosent dårlegare. Det vil gå ut over ambisjonsnivået, men vi skal likevel få til ei god samanslåing, seier han.
Også Reidar Håvås meiner dei skal klare å få til ei til skikkeleg samanslåing trass i løftebrotet frå Erna Solberg.