Deltakarrekord på fiskefestivalen

Ola Birkeland vann juniorklassen med ein fisk på 3,9 kg, medan Ine Abrahamsen vann dameklassen […]

Ola Birkeland vann juniorklassen med ein fisk på 3,9 kg, medan Ine Abrahamsen vann dameklassen med 2,1 kg. Mange av dei 256 deltakarane fekk mykje fisk, men det var berre ein som talde frå kvar deltakar.
Sommarhandelen i båthamna opna i fint vêr, men eit kraftig og langvarig plaskregn gjorde det utriveleg for både fiskarar og festivalpublikum. Det blei trongt om plassen inne i festivalteltet og heller tomt ute på marknadsområdet då det regna som verst.
Den yngste generasjonen syntest det var både nifst og spennande då kaptein Hjørnetann og mannskapet hans kom på jakt etter sjørøvarskatten. Det heile enda med at dei tok med seg eit gissel som måtte gå planken frå sjørøvarskuta deira.