Folk stimla seg saman inne i festivaltelta mellom dei kraftige regnbyene som prega helga. Konserten med Maria Toresen og bandet hennar laurdag føremiddag var eit av høgdepunkta. Ho samla fullt telt og skapte høg temperatur. Mange av dei yngste stilte seg i kø før konsertstart for å få autografar.
Lukta av nybakst frå det tradisjonelle kaibakeriet trekte folk, som det alltid gjer, og rykande ferske bollar gjekk unna. Folk rusla langs kaien, med eller utan paraply, og tok inn den maritime og nostalgiske stemninga som gamle båtar skapte. Mange besøkte stasskipet «Salten» frå Stavanger. Der var det både restaurant og ei utstilling kring den lokale kysthistoria ombord.
Gamle båtar
— Båten er 80 prosent ferdigrestaurert. Dette var ein veldig fin båt i si tid. Den var Trosvig Verft sin juvel. Den har gått som hurtigrute og skuleskip, medan den har vore veteranbåt i Stavanger dei ni siste åra, fortel Alf Kåre Olavesen, dagleg leiar på «Salten».
Han viser fram utstillinga ombord, og han fortel at den er laga som ein søknad om eit maritimt arrangement til kulturbyfeiringa i Stavanger i 2008.
Utanfor «Brødrene af Sand» rusla to gode vener av jekta, Kjell Årtun og Oddmund Rødne. Dei delte ut informasjon om den gamle seglbåten.
— Me brukte cirka fire timer på turen frå Sand og hit. Me brukte vindføring heile tida og måtte krysse fjorden nokon gonger, fortel Rødne.
Årtun fortel at han sigla med båten i ungdomsåra. Den gongen frakta dei trelast.
— Dette er ein livsstil. Sjela mi ligg her, seier han om båten.
Nøgde utstillarar
Utstillarane og handverkarane hadde rigga seg til i eit eige telt. Ein del interesserte seg for Ole Topnes frå Finnøy sine hummarteiner, som han lagar på gamalt vis av brake. Han demonstrerte villig teknikkar.
— Dei fleste vil ha kaffi og vaflar, men nokon handlar også teiner. Dette er sjeldan handverk. Eg trur eg er den einaste i Rogaland som driv med dette, fortel Topnes.
Han var vel så opptatt av å vise handverket som å selje hummarteinene. Handverkaren har vore med på Kystkulturdagane i Sandeid i fleire år.
— Me likar oss her. Det er passeleg stort, slår han fast.
Ved sidan av Topnes hadde sylvsmed Unni Engedal frå Bryne plassert seg. Ho viste fram sjølvdesigna sylv til Rogalandsbunaden.
— Eg har seld veldig godt til no, fortel ho nøgd.
Torleif Knutsen, leiar i kystkulturkomiteen i Sandeid, kunne utpå sundagen slå fast at arrangementet hadde vore vellukka og godt besøkt. Han rekna ut at nærare 2000 hadde vore innom i løpet av laurdagen.
— Folk har kosa seg, seier han.
Demonstrerte gammalt handverk
Folk stimla seg saman inne i festivaltelta mellom dei kraftige regnbyene som prega helga. Konserten […]