Men for å komma så langt, gav både politikarane i Etne og fylkespolitikarane i Hordaland avkall på Stordalstraseen, som var ein del av Åkrafjord-prosjektet, til fordel for Rullestad-parsellen.
Sette opp mot kvarandre, var kanskje ikkje valet så unaturleg. Men frå vår side meinte me at Rullestad-parsellen ville tvinga seg fram sjølv. Det same tvilte me på om Stordals-parsellen ville gjera. Ikkje for å triumfera, men me fekk diverre rett. Planane for Stordals-parsellen ligg langt fram i tid.
Når Rullestad-parsellen er ferdig, er vegen gjennom Stordalen den mest rasutsette strekkja på E 134 i vårt distrikt. Berre sidan i haust har det gått tre ras langs Norheimsstranda. Sist onsdag dundra ei kjempeblokk rett ned i den sterkt trafikkerte vegen. Berre flaks hindra at nokon kom til skade.
Tidlegare Etne-ordførar, nå distriktsvegsjef i Statens vegvesen, Lars Øyre, seier at det i nåverande planar ikkje finst pengar til utbetring av denne vegstrekkja. Nåverande Etne-ordførar, Amund Enge, seier på si side at dersom det viser seg å vera rasfare, vil han sjå den byråkraten i fjeset som seier nei til ekstra midlar.
Statssekretær Steinulf Tungesvik i Samferdsledepartementet, også han frå Etne kommune, oppmodar lokale politikarar og det lokale vegkontoret til å prioritera utsette rasområde. — Dei har ein jobb å gjera for å prioritera ei strekning, og det må skje skal dei ha håp om å få ein plass på statsbudsjettet, seier Tungesvik. Han seier også at det ikkje er umogleg å finna pengar til det rasutsette området i Stordalen.
Så nå bør vegen vera klar. Ein eksordførar med vegmynde og ein nåverande ordførar frå same parti, pluss ein statssekretær i det rette departement, bør kunna laga veg i vellinga slik at det blir pengar til å få skikk på den rasfarlege vegstrekkja. Som Tungsvik seier kjem det ikkje vegpengar utan sterkt press frå grasrota.